Š og š (S med hake) er den 29.
bokstaven i det skoltesamiske alfabetet, og den 23. bokstaven i det nordsamiske alfabetet. Den vert òg brukt på tsjekkisk, kroatisk, bosnisk, slovensk, latvisk og litauisk. I alle desse språka representerer han lyden /ʃ/. På slovakisk representerer han lyden /ʂ/.
Bokstaven vert nokre gongar brukt for for bokstaven ш når ein romaniserer språk skrivne med kyrillisk skrift. På norsk, transkriberer ein vanlegvis ш som sj. Bokstaven š bruker ein òg for å transkribere nokre forhistoriske skriftformer som kileskrift.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Š, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.