Čiovo (italiensk Bua) er ei lita øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia med eit areal på 28,8 km² (lengd 15,3 km, breidd opp til 3,5 km) og eit folketal på 4 455 (2001).
Den høgaste toppen på øya er 218 m (Rudine, italiensk Monte Bua).
Čiovo | |
---|---|
Landsbyen Okrug Gornji på Čiovo | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Areal | 28,8 km²
|
Høgaste punkt | Rudine (218 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Split-Dalmatia |
Største busetnad | Trogir
|
Demografi | |
Folketal | 4 455 (2001)
|
I løpet av eit år fell det normalt 900 mm nedbør her.
Čiovo ligg sentralt i Dalmatia, og vernar byen Trogir og Kaštelabukta. Bortsett frå Trogir ligg det fleire landsbyar på øya Arbanija (Arbania) , Žedno (Nogaro) , Okrug Gornji (Cerchio Superiore), Okrug Donji (Cerchio Inferiore), Slatine (Arona) og Prizidnica (Bua) .
Vegetasjonen er typisk for Middelhavet, og består stort sett av krattvegetasjon (steineik, myrt, burot, einer osv.). På nordsida (som er utsett for boravinden) er det skog av furu og sypress. Det er rikt jordbruk på øya, og det vert dyrka oliven, fiken, mandel, vin og sitrusfrukter.
I mellomalderen hadde Čiovo mange landsbyar og var ein stad for spedalske. Ein har funne spor av den før-romanske kyrkja av St. Peter nær Slatine. Mellomalderkyrkja St. Mavro og den før-romanske kyrkja Jomfru Maria nær sjøen (Gospa pokraj mora) er bevart i Žedno. Folketalet auka på Čiovo auka på 1400-talet då flyktningar flykta frå ottomanarane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Čiovo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.