Ein ångstrøm (symbol Å, også ångström, angström, eller angstrom ) er ei lengdeeining.
Eininga er ikkje ei SI-eining, men vert delvis likevel brukt i samband med SI. Ein Å er ofte nytta for å forklare storleiken til eit atom, lengda til kjemiske bindingar, røntgenstråling og det det synlege optiske spekteret (lys).
Til samanlikning er gjennomsnittlege diameteren til eit atom rekna ut til å vere i området frå omtrent 0,5 Å for hydrogen, det minste atomet, til omtrent 3,8 Å for uran, eit av dei største naturlege grunnstoffa på jorda.
Eininga er oppkalla etter den svenske fysikaren Anders Jonas Ångström (1814–1874), ein av grunnleggarane for spektroskopi. I tillegg studerte Ångström varmeoverføring, jordmagnetisme og nordlys. Han laga spektrale kart over solstråling som viser lengda av elektromagnetisk stråling i det elektromagnetiske spekteret i multiple einingar av ein ti-milliontedel av ein millimeter, eller 10−10 meter. Denne lengdeeininga vart då kjent som ångström, Å.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ångström, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.