Zográfou (gresk Ζωγράφου) er ein kommune i dei austlege forstadane til Aten i Hellas.
Zográfou Lokalt namn Ζωγράφου | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 37°59′N 23°46′E / 37.983°N 23.767°E |
Areal | 8,52 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Attikí Sentral-Aten |
Hovudsete | Zográfou (71 026 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 71 026 (2011) |
Folketettleik | 8339,3 /km² |
Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Sentral-Aten i periferien Attikí.
Zográfou ligg om lag 5 km frå sentrum av Aten. Ei gate i bydelen er kalla opp etter Olof Palme.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde og noko skog, men på midten av 1900-talet vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustad- og kontorbygningar igjen, bortsett frå dei nordaustlege områda. Noko skog finn ein i sør, søraust og i aust, og ein liten park ligg i nord.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Zográfou, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.