Ytstetinden eller Ystetinden er eit fjell i Vestnes kommune.
Fjellet ruvar over nordsida av Skorgedalen, og dannar ein karakteristisk dobbelttopp saman med den vestlege grannen Trolltinden. På andre sida av desse toppane ligg Tomrefjorden. Toppen av Ytstetinden er lett å nå både frå sørsida og frå nordsida. Ytstetinden er 1162 moh.
Ytstetinden | |||
fjell | |||
Ystetinden (midt i bildet) sett frå søraust, med Trollinden til venstre og Remmemstinden til høgre. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Vestnes (Møre og Romsdal) | ||
Fjellkjede | Halvøya mellom Romsdalsfjorden og Storfjorden | ||
Høgd | 1 162 moh. | ||
Primærfaktor | ca. 150 m | ||
Wiki Commons: Ytstetinden | |||
Ystetinden messingkvintett er eit hornensemble som spelar ein årleg konsert på Ystetinden til inntekt for gode føremål. Gruppa blei skipa av ei gruppe venninner som alle hadde musikalsk bakgrunn, men ikkje kunne spela messinginstrument.
I 2016 spelte kvintetten for 101 toppturdeltakarar, og gav inntekta til Tresfjord Røde Kors.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ytstetinden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.