Y-Kromosom

Eit Y-kromosom er eit kjønnskromosom.

Det er eit kromosom som gjer at beraren av det vert til ein hann. Menneske og dei fleste andre pattedyr har eit Y-kromosom. Menn har eitt Y-kromosom og eitt X-kromosom (XY). Kvinner har to X-kromosom (XX).

Y-Kromosom

Y-kromosom hos menneske

Menn har arva eitt X-kromosom frå mor si og Y-kromosomet frå faren. Y-kromosomet dekker omtrent 59 millionar basepar som er byggematerialet til DNA. Y-kromosomet står for omtrent 0,9 % av den totale mengda DNA i cellene til menn.

Identifiseringa av gena på kvart kromosom har i lang tid vorte sett på som eit av de viktigaste forskingsområda, og vorte via mykje tid og ressursar. Sidan forskarar brukar forskjellige metodar til å identifisere gena, har ein ikkje klart å stadfeste éit nøyaktig tal på gen. Hittil har ein funne 86 proteinkodande gen på Y-kromosomet. Heile det menneskelege genomet inneheld omtrent 25 000 slike gen.

Kjønnsbestemmande eigenskap

Hos menneske og dei aller fleste pattedyra, med spesielt kloakkdyra som unntak, finst eit gen ved namn SRY på Y-kromosomet. Det er dette genet som gjer at Y-kromosomet vert kjønnsbestemmande. Om dette genet ikkje verkar vil individet vera ei ho til trass for at Y-kromosomet er der. I dei fleste tilfella der barnet vert hann til trass for at han har to X kromosom og manglar Y-kromosom, har SRY ved ein feil hamna på det eine X-kromosomet – det frå far.

Y-kromosomet er ulikt i ulike artar. Det einaste dei eigentleg har til felles er det faktumet at dei avgjer at organismen vert hannkjønn, og genet som avgjer dette kan vere forskjellig frå art til art. Hos pattedyr stammar Y-kromosomet frå det same kromosomet, og hos desse artene er det difor likskapar, sjølv om Y-kromosomet varierer både i storleik og når det gjeld kva for gen som er til stades. Det er spesielt stor ulikskap mellom Y-kromosoma hos pattedyr i tilhøve til dei andre kromosoma. Dette er på grunn av at det er særs få område av Y-kromosomet som har overkryssing med X-kromosomet, og evolusjonen av dette kromosomet går dermed raskare, sidan mutasjonar kan hope seg opp. Gen som ikkje er livsnødvendige kan bli omgjort til pseudogen, eller få nye funksjonar som då vert spesifikke for hannen, om dei ikkje er spesielt viktige for forplantninga.

Sjukdomar, fysiske og psykiske misdanningar

Y-kromosomet er det kromosomet med færrast sjukdomar knytt til sine gen. Ein trur at dette kjem av den vesle storleiken til kromosomet. Når ein sjukdom eller eigenskap vert arva på grunn av eit gen på X- eller Y-kromosoma vert det kalla kjønnsbunden arv.

  • XYY-syndrom er ein trisomi der det finst ein ekstra versjon av Y-kromosomet. Dette ekstra arvematerialet skapar derimot ingen store fysiske og psykiske misdanningar.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Y-Kromosom Y-kromosom hos menneskeY-Kromosom Kjønnsbestemmande eigenskapY-Kromosom Sjukdomar, fysiske og psykiske misdanningarY-Kromosom Sjå ògY-Kromosom KjelderY-Kromosom BakgrunnsstoffY-KromosomHannkjønnKjønnskromosomKromosomMenneskePattedyrX-kromosom

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TilstandsromrepresentasjonDonkey Kong Country ReturnsHollandMaria MuldaurJoar NangoRubina RanaMount EverestAlbaCristian RiverosStein Ove BergMusculus latissimus dorsiPHPápingoStilarkEstlandVestleg kampkunstIsraelMonacoMaria I av EnglandNicolette LarsonA Whiter Shade of PaleSudanJaroslav SakalaLangt undertøySkalDet norske flaggetBlåmannJenny SkavlanFrankrikeThomas JeffersonCamilla CollettGitarforsterkarNederlandskNykøbing MorsEngland og WalesHardingdialektGeorg II av StorbritanniaStenografiPaparoa nasjonalparkEino KirjonenZagóriSnow White and the Seven DwarfsLinn Ullmann187 LambertaFever av Little Willie JohnBeatrix av NederlandAdamstuen20. aprilByar i HellasKongsberg GruppenErik AndersenCockerell PeninsulaPetter HugstedEkvipasjeWikipediaTromsø kommuneCristiano RonaldoSandnessjøenBunichiro AbeOrArne EkebergKongedømet MallorcaBiologisk familieFilippinaneØrjeAtanas TarevMargidoAmursvaleManuel Isidoro BelzuNordfjordeidOttomanHovudsideSax-a-boomBloggThe Diving BoardIca-regionenMiljøproblem🡆 More