World Gone Wrong Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. oktober 1993 | |
Innspelt | Mai 1993 i garasjen til Dylan i Malibu | |
Sjanger | Folk, blues | |
Lengd | 43:51 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Dylan | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
The 30th Anniversary Concert Celebration (1993) | World Gone Wrong | Bob Dylan's Greatest Hits Volume 3 (1994) |
World Gone Wrong er det 29. studioalbumet til Bob Dylan. Det kom ut på Columbia Records den 26. oktober 1993.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | |
Robert Christgau | A– |
MusicHound | |
The Rolling Stone Album Guide | |
Select |
Det var den andre samlinga til Dylan med berre tradisjonelle folkeviser, framført med berre akustisk gitar og munnspel. Songane er ein del mørkare med meir tragiske tema enn på den førre plata, Good as I Been to You. Albumet fekk varm, men ikkje særs god kritikk. Trass i at albumet vann ein Grammy for «Beste tradisjonelle folkealbum», nådde det berre 70. plassen i USA og 35. plassen på albumlista i Storbritannia.
Både dette albumet og det førre var album Dylan lagde for å oppfylle den dåverande platekontrakten sin. Etter dette albumet var han frilans for ei lita stund, før han mot slutten av 1993 signerte med Sony for ti nye album. Det tok fire år før Dylan kom med eit nytt album, Time Out of Mind, ei samling med originale songar som fekk mykje meir mediaomtale enn World Gone Wrong.
World Gone Wrong vart rangert på 23. plassen på kritikarlista Pazz & Jop i The Village Voice for 1993.
Alle songane er tradisjonelle, arrangerte av Bob Dylan, utanom der anna er nemnt.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «World Gone Wrong» | 03:57 |
2. | «Love Henry» | 04:24 |
3. | «Ragged & Dirty» | 04:09 |
4. | «Blood in My Eyes» | 05:04 |
5. | «Broke Down Engine» | 03:22 |
6. | «Delia» | 05:41 |
7. | «Stack a Lee» | 03:50 |
8. | «Two Soldiers» | 05:45 |
9. | «Jack-A-Roe» | 04:56 |
10. | «Lone Pilgrim» (B.F. White, Adger M. Pace) | 02:43 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article World Gone Wrong, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.