Volof (også skrive wolof) er eit folk i Senegal, Gambia og Mauritania.
Språket deira er volof.
I Senegal er volofane den største folkegruppa ved at rundt 40 % av folkesetnaden identifiserer seg som volof. Dei er fleirtalet i området som strekkjer seg frå Saint-Louis i nord, Kaolack i sør og Dakar i vest. Derimot er det få volofar i Casamance. I Gambia er rundt 15 % av folkesetnaden volof. Dei utgjer ein minoritet i eit land der mandinkaene utgjer 40 % av innbyggjarane, men volofspråk og -kultur har uforholdsmessig stor tyding sidan volofane utgjer halvparten av folkesetnaden i hovudstaden Banjul. I Mauritania er omkring 7 % av folkesetnaden volof. Dei bur for det meste i dei sørlege kystområda til landet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Volof-folk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.