kva Wikipedia Ikkje Er

Wiki er både eit oppslagsverk og eit nettsamfunn.

For at dette skal fungere lyt ein definere nokre ting om kva Wikipedia ikkje er for noko.

Stil og format

Wiki er ikkje eit papirleksikon

Wiki er ikkje eit papirleksikon. Det betyr at det ikkje er nokon praktisk grense for talet på tema me kan dekke, utover dei punkta som elles er gjevne på denne sida.

Derimot finst det ei praktisk grense for storleiken på kvar einskild artikkel, då store artiklar gjev lang nedlastingstid for brukarar av modem og den generelle leselegheita vert dårleg for alle. Somme nettlesarar har dessutan problem med å redigere artiklar utover ein viss storleik. Ein kan løyse dette med å dele opp artikkelen i ein hovudartikkel, med grunnleggjande presentasjon av temaet, og så deretter skrive underartiklar. Med dette får ein inga grense for kor mykje ein kan skrive om eit tema, berre for kor mykje ein kan plassere i kvar einskild artikkel.

Ein står også fritt til å lenke artiklar saman, både med wikilenker i teksten og en «Sjå også»-seksjon nedst på sida.

Om innhaldet

Wiki er ikkje ei ordbok

Wiki er ikkje ei ordbok, eller ein språkrettleiar. Til det har vi systerprosjektet Wiktionary. Wikipediaartiklar er ikkje:

  • Ordboksdefinisjonar. Ettersom Wikipedia ikkje er ei ordbok, skal ein ikkje opprette nye artiklar berre for å forklare eit vanskeleg ord. Om det ikkje er mogleg å skrive artiklar utan vanskelege ord, held det vanlegvis med å forklare ordet i sjølve artikkelen.

Mange artiklar bør derimot starte med ein definisjon, det er absolutt ingenting i vegen med det, men det må vere meir stoff også. Nokre unntak finst, som artiklar om tal og bokstavar.

  • Språkrettleiarar eller slangordbøker. Wikipedia er ikkje staden for å fortelje korleis eit nytt slanguttrykk vert nytta, er det eit utbreidd ord kan det derimot høyre heime hjå prosjektet Wiktionary. Det finst nokre unntak, t.d. om eit uttrykk får ei heilt spesiell utbreiing.

Wiki er ikkje staden til å publisere original forsking

Utdjupande artikkel for dette emnet er Wiki: Inga ny forsking.

Wiki er ikkje ein stad for å publisere dine eigne tankar og analysar. Legg derfor ikkje inn:

  • Originale forskingsarbeid. Om du har forska på eit tema og har nye teoriar, vent med å leggje desse inn på Wikipedia til dei er publisert ein annan stad. Wikipedia samlar etablert kunnskap, og det må finnast ei ekstern kjelde der stoffet kan verifiserast. Dette betyr ikkje at du ikkje har lov til å leggje saman stoff frå to kjelder og kome til ein logisk konklusjon.
  • Kritikk og vurderingar. Biografiar og artiklar om til dømes kunstverk, musikkverk og filmar skal vere encyklopediske. Det er heilt greitt å referere til kritikk som er publisert, men det må gjerast på ein objektiv måte.
  • Personlege essay. Wikipedia skal samle den felles menneskelege kunnskapen, ikkje gjere dine tankar til del av denne kunnskapen. Dersom du har presentert verda for noko som er viktig nok til å fortene ein leksikonartikkel, bør helst nokon annan enn du sjølv skrive han, ut i frå dine publiserte kjelder.
  • Haldningar til hendingar i fortid eller nåtid. Artiklar skal vere objektive og balanserte, ikkje farga av forfattaren sin politiske, religiøse eller livssynsmessige ståstad.
  • Diskusjonsfora. Oppgåva her er å lage eit leksikon. Småprat er heilt greitt på brukarane sine diskusjonssider, men på diskusjonssidene til sjølve artiklane er det arbeidet som skal stå i sentrum. Det er sjølvsagd greitt å ha ein lett tone og litt humor, men ikkje så mykje at diskusjonar sklir ut.

Wiki er ikkje ein stad for eigenreklame

Wiki er ikkje eit propagandamaskineri, ein talarstol eller eit annonseorgan. Difor er Wikipediaartiklar ikkje:

  • Propaganda eller einsidige framstillingar. Hugs å alltid streve mot eit nøytral synspunkt på det du skriv om. Du kan hate det eller elske det, men hugs at det ikkje er di meining som skal fram, det er etablerte fakta!
  • Reklame for deg sjølv. Du kan skrive om deg sjølv, prosjekt du jobbar med eller arbeidsplassen din, men vurder først nøye om det du legg inn høyrer heime i eit leksikon. Det er veldig få Wikipedianarar som har ein artikkel om seg sjølv, berre dei som er kjende for eit eller anna. Tenk deg også nøye om når du skriv om noko som du sjølv er knytta sterkt til; det er vanskelegare å vere nøytral, og andre vil antakeleg fylgje ekstra godt med. Ver også forsiktig med å lenkje overdrive mykje til dine yndlingsting, lenkjer skal nyttast til å styrke artiklane, ikkje til å leie andre til det du sjølv har skrive andre stader.
  • Annonsering. Artiklar om selskap og produkt er i orden, så lenge dei er nøytrale og er interessante for fleire enn deg sjølv. Artiklar om enkeltpersonforetak vert ofte foreslege sletta, ettersom dei sjeldan har allmenn interesse og dermed vil oppfattast som reklame. Eksterne lenker til eit firma som ein skriv om kan vere greitt, men pass på at dei er relevante for artikkelen. Wikipedia er ikkje knytta til noko kommersielt selskap.

Wiki er ikkje ein vevspegel eller ei samling av lenker, bilete eller andre filer

  • Wiki er ikkje ein vevspegel. Alt som vert lagt inn kan redigerast for å tilpasse det til oppslagsverket. Når du legg ut ein artikkel lisensierer du den under GNU FDL, og du kan ikkje forvente at det vert ståande til evig tid slik du opphavleg skreiv det.
  • Wiki er ikkje ei samling lenker. Det er heilt greitt å legge til eksterne lenker til ein artikkel, så lenge dei er relevante og ikkje blir så mange at artikkelen «druknar». Reine lister over nettstader høyrer ikkje heime på Wiki Nynorsk. Dette gjeld òg interne lenker. Unnataket der er strukturerte lister som gjer det lettare å manøvrere, som for eksempel lister over monarkar, statsministrar og liknande.
  • Wiki er ikkje ei samling gamle kjelder. Ikkje last opp heile bøker, kjeldekode eller historiske dokument berre av di dei er fritt tilgjengelege. Om du trur dei kan vere av interesse for fleire, last det i staden opp på Wikisource; elles er det betre å berre bruke dei som kjelde til ein artikkel.
  • Wiki er ikkje ei samling bilete. Samlingar av bilete utan tekst passar på Wiki Commons, på Wikipedia vert bilete nytta som illustrasjonar til artiklar. I nokre særtilfelle kan ein opprette bildegalleri som gjer det lettare for andre å finne riktig illustrasjon til ein artikkel. Om bildet har ein fri lisens er det fornuftig å laste det opp på Commons slik at andre prosjekt også kan nytte det.

Wiki deler ikkje ut gratis nettsider eller lagringsplass

Du kan ikkje bruke Wikipedia til di eiga nettside eller til å lagre dine eigne dokument. Det finst fleire tilbydarar som nyttar wiki-teknologien, både gratis og mot betaling, så det er fullt mogleg å opprette din eigen wiki annanstads. Du kan òg installere MediaWiki-programvare på din eigen server. Wikipediasider er ikkje:

  • Personlege heimesider. Alle registrerte brukarar har ei brukarside. På den kan du fortelje litt om deg sjølv, men ho er ikkje meint å nyttast til å skrive om tema som ikkje er relatert til kven du er og kva du driv på med på Wiki Nynorsk. Bruk heller ein av dei mange gratistenestene som finst på Internett.
  • Lagringsplass for filer. Last ikkje opp dine personlege notat eller bilete for å oppbevare dei her, berre filer som vert nytta eller skal nyttast innan kort tid kan bli lasta opp. Alt anna kan og vil bli sletta. Bilete som kan vere interessante for Wikipedia, sjølv om det ennå ikkje finst nokon relevant artikkel her, kan bli lasta opp på Wiki Commons. Hugs at heller ikkje Commons er ditt personlege fotoalbum, så der må det òg vere ein relevans til prosjekta.

Wiki er ikkje ei tilfeldig samling av informasjon

Wiki er ikkje ei tilfeldig samling av informasjon. Det at noko er 100 % sant betyr ikkje at det høyrer heime i eit oppslagsverk. Artiklar som ikkje ser ut til å passe her kan verte føreslått sletta, eller til og med sletta umiddelbart om det openbart ikkje høyrer heime her. Wikipediaartiklar er ikkje:

  • Lister over ofte stilte spørsmål om alle slags tema. Har du ei slik liste som kan vere interessant for fleire, vurder om ho kan leggast på Wikibooks. Elles bør du skrive om informasjonen slik at han passar i artikkelen om temaet.
  • Lister over eller samlingar av laust samanknytte tema, som sitat, aforismar eller personar. For sitat finst Wikiquote. Lister skal vere nyttige som hjelp til å finne fram til artiklar.
  • Reiseguider. Det bør vere artiklar om kjende sjåverdige stader, og det bør nemnast om ein stad er eit viktig turistmål. Telefonnummer til hotell og restauranttips passar derimot ikkje på Wiki Nynorsk. På Wikitravel kan ein gjerne ha slik informasjon, men ver merksam på at der er det eit anna lisensieringssystem, slik at artiklar ikkje utan vidare kan kopierast over.
  • Minneord. Wikipedia er ikkje staden for å minnast avdøde. Personar som har biografiar her må på ein eller annan måte vere offentlege personar som er kjende for noko.
  • Nyhenderapportar. Systerprosjektet Wikinews er ei nyhendeteneste som søker å rapportere så raskt som mogleg. Wikipedia tar vare på kunnskap for framtida.
  • Slektshistorie. Biografiar på Wikipedia skal handla om kjende personar, og det å vere oldefaren til nokon er ikkje nok. Unnataket er adelege og kongelege slekter, der sjølve slektskapen er heilt sentralt.
  • Telefonlister og underhaldningsguidar. Skriv gjerne om ein ny film, men det høyrer ikkje heime i Wikipedia å fortelje kvar ein skal ringje for å bestille billettar til han. TV-seriar kan òg skrivast om, men ikkje ta med sendeplanen for neste sesong.

Wiki er ikkje ei krystallkule

Hendingar i framtida er som oftast ikkje leksikalske. Framtidige hendingar er i liten grad aktuelle for artiklar. Dette gjeld spesielt:

  • Framtidige arrangement eller forventa hendingar. Det er ikkje mogleg å skrive ein artikkel om Sommar-OL 2028 i 2006, ettersom ingenting er kjend om dette. Unnataket er hendingar der planlegginga allereie har kome så langt at ein kan seie noko. Om Sommar-OL 2012 veit ein alt noko konkret, det gjeld òg astronomiske hendingar som er kalkulerte lang tid i forvegen.
  • Lister med gjettingar om framtidige hendingar. Sjølv om det er sannsynleg at det vil førekomme eit jordskjelv ein eller annan stad i 2050 er det ikkje noko poeng i å opprette ei liste over framtidige jordskjelv (dette kan verke sjølvsagd, men merkelegare ting har blitt gjort).

Wiki vert ikkje sensurert slik at det passar mindreårige

Wiki kan innehalde artiklar og bilete som einskilde brukarar vil oppfatte som støytande. Så lenge artiklar eller bilete ikkje strider mot andre retningslinjer på Wikipedia, lokal lovgiving og lovgivinga i Florida, USA, som er staden der tenarane står, blir dei ikkje tilpassa. Men, Wikipedia skal samtidig vere ein stad der brukarane jamt over føler seg tilpass, og derfor må potensielt støytande innhald avgrensast til relevante artiklar.

Kva Wikipediasamfunnet ikkje er

Wiki er ikkje ei slagmark

Det blir forventa at alle bidragsytarar er høflege, rolege og samarbeider. Ikkje fornærm, trakasser eller skrem dei du ikkje er einig med. Diskuter usemja på ein seriøs måte, og forsøk eventuelt å få andre med i diskusjonen for å få nye synspunkt. Dersom nokon oppfører seg dårleg mot deg gir dette deg ingen rett til å gjere det same tilbake. Ta det opp på ein seriøs måte, og gjer eventuelt ein administrator merksam på oppførselen. I ekstreme tilfelle kan bidragsytarar bli utestengde for oppførsel som skader samarbeidet på Wiki Nynorsk.

Ikkje lag, flytt eller endre artiklar for å få fram eit poeng. Kom ikkje med truslar om søksmål mot Wikipedia, bidragsytarar eller Wiki Foundation. Truslar blir ikkje tolerert, og har tidlegare ført til permanent utestenging av personar.

Wiki er ikkje eit anarki

Wiki er fri og open, men berre innanfor dei rammene det å lage eit seriøst leksikon set. Oppførsel som forstyrrer arbeidet kan resultere i utestenging. For eit oppslagsverk som verkeleg er eit anarkistisk eksperiment; besøk Anarchopedia Anarchopedia.

Wiki er ikkje eit fleirtalsdemokrati

Wiki er ikkje eit demokratisk eksperiment eller eit fleirtalsdemokrati. Konsensus blir normalt nådd ved å diskutere seg fram til det, heller enn ved å stemme. Der det er avstemmingar er det ikkje alltid fleirtalet som bestemmer; éi alvorleg innvending kan vere nok til at det blir sett bort frå talet stemmar. Dette er den vanlege prosessen når ein stemmer over sletting av ein artikkel; sjølv om eit fleirtal ønskjer å slette artikkelen, kan han bli tatt vare på dersom nokon gir vektige argument for at han skal bli tatt vare på.

Wiki er ikkje eit byråkrati

Det er reglar om mangt på Wikipedia, men dei fleste er ikkje hogne i stein. Dersom du ønskjer å gjere ting litt annleis, argumenter for at det er riktig å gjere det, og sjå om andre er samde. Det kan til dømes vere ei nominering kor personen ikkje oppfyller alle krav. Dersom det då finst ein god grunn til å fråvike krava er det ingenting i vegen for å gjere det.

Wiki er ikkje ein blogg

Wiki er ikkje ein blogg kor du styrer ditt eige prosjekt og kjem med private synspunkt. Alle sider er opne for alle deltakarar, og objektivitet er eit absolutt krav.

Bakgrunnsstoff


Tags:

kva Wikipedia Ikkje Er Stil og formatkva Wikipedia Ikkje Er Om innhaldetkva Wikipedia Ikkje Er Kva Wikipediasamfunnet ikkje erkva Wikipedia Ikkje Er Bakgrunnsstoffkva Wikipedia Ikkje Er

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KrøllparentesAmarantfamilienPaparoa nasjonalparkValerij ZaluzjnyjGåsHurtigrutaKevlarHenrik II av EnglandEtanKristendommenDet indiske kastesystemetRefraksjonLeksikonEngland og WalesJohan BojerPesahLiverpool FCCanadaJonas Gahr StøreGraham NashÆrfuglClaudio MonteverdiTrøndelag fylkeJordas dagBo WiderbergNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973HadjHenning SolbergKaptein SabeltannKjønnshårIndonesiaSymbolOslo kommuneTrepunktsopphengSunnmørePogóniDeltaThomas A. DorseyJesusEnglandDurgaMahatma GandhiCarl XVI Gustaf av SverigeStorfeFinding NemoMiddelhavetWehrmachtJohann Sebastian BachVendlandLiechtensteinElvis PresleyHydrogenDrinfossenTuvinskCarles PuigdemontReligiøse nasjonalsymbolTwitterVerdas skriftsystemLa LigaSnikkarBoge i arkitekturenEdvard VII av StorbritanniaHellerman RocksKjemiEddiksyreStoffskifteElon MuskAnimismeIltalehtiFacesAegis2016Astrid LindgrenLuciano Pavarotti330 skvadronNamnedag🡆 More