Siste endringar er ei lenkje som du finn i menyen til venstre (navigering).
Denne sida viser dei siste endringane som har vorte gjort med artiklane på Wiki Nynorsk. Ved å bruke denne sida kan du overvake og sjå igjennom artiklar som du og andre bidragsytarar har arbeidd på, for å rette feil eller i verste fall hærverk. Ein kan òg leggje inn lenkje til denne sida frå andre artiklar, slik som dette [[Spesial:Recentchanges]].
Du kan velje sjølv om du vil vise 25, 50, 100, 250 eller 500 endringar pr. side, og om du vil sjå små (merka med «u» for «uviktige») endringar.
Lista med artiklar som nyleg har vorte endra på, består vanlegvis av 50 liner slik som dette:
Dette viser tre endringar som brukaren Ranveig har gjort i artiklane The Big Apple, Manhattan og Byen New York.
Frå venstre til høgre:
Brukarar som er innlogga, kan ved å endre innstillingane sine bestemme korleis lista over siste endringar skal sjå ut. Du kan finne hjelp til å stille innstillingane på hjelpesida til innstillingane. Dei tinga som ein kan velje i innstillingane er:
Dersom du har vist siste endringar sidan for eksempel den 29. aug 2003 kl. 09:44, så vil det vere ei lenkje til Vis nye endringar sidan 29. aug 2003 kl.09:44 så du har sjanse til å kun sjå dei aller nyaste endringane uten å måtte vente på at heile lista skal bli lasta ned. Dersom du vil bruke lenkja seinare, etter at du har brukt nettlesaren din til noko anna, eller dersom du slår av datamaskina di i mellomtida, så kan du leggje til lenkja i favoritsidene dine (med Internet Explorer høgreklikkar du på lenkja og vel «Legg til i Favoritter»). Alternativt kan du lagre sida med dei siste endringane.
For å få dei nye endringane utan å bruke det som står ovanfor, så kan ein bruke:
http://nn.wikipedia.org/w/wiki.phtml?title=Speciel:Recentchanges&from=20030929094400
(format ååååmmddttmmss, UTC tid).
Du kan kopiere denne URLen til adressefeltet i din nettlesar og endre tid og dato.
For meir utfyllande informasjon om dette emnet, kan du sjå MediaWiki sin engelske brukarmanual.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hjelp:Siste endringar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.