formlære

Formlæra eller grammatikken i nynorsk er ofte meir mangslungen og/eller annleis enn grammatikken i bokmålet, slik at det som kan vera rett setningsbygnad på bokmål, kan vera rangt på nynorsk.

Varaord (pronomen)

Ein ålmenn regel for varaorda er at dei som regel skal stå etter ordet dei høyrer til; til dømes katten hans i staden for hans katt. Under fylgjer fleire døme:

Rangt Rett
hans interesser er interessene hans er
hennar bil svinga av bilen hennar svinga av
deira plan gjekk ut på planen deira gjekk ut på
dykkar meining tel ikkje meininga dykkar tel ikkje
dei hadde sitt arbeid på staden dei hadde arbeidet sitt på staden
våre folk er på staden folka våre er på staden

Merk at det likevel er det rette å setja varaordet fyrst om ein ynskjer å leggja vekt på eigehøvet: «Deira plan gjekk ut på noko heilt anna».

St-former

Dei fleste st-formene (kastast, spelast, etast osb.) er berre normerte i nemneforma (infinitiv), til skilnad frå s-formene i bokmålet som i tillegg er definerte i notid (presens). For å sjå om orda er i nemneform eller notidsform, kan ein freista setja inn eit anna verb som ein kjenner notidsforma på - tak setninga dei skytast på av fienden og byt ut st-forma med t.d. nemneforma tenkja og sjå om det passar. Det gjev dei tenkja på fienden, som openbert er feil. Løysinga er å skriva om setninga: dei vert/blir skotne på av fienden, dei kjem under eld frå fienden, fienden skyt på dei osb.

Merk: sume orda vert bøygde i tid, slike som å høyrast - no høyrest det, å treffast - no treffest dei. Er ein uviss på ein kan bøya ordet i tid, lyt ein slå opp i ordboka.

Fleire døme:

St-former berre med nemneform
Rangt Rett (døme 1) Rett (døme 2)
søppelet kastast her søppeleg vert/blir kasta her ein kastar søppelet her
landet styrast av ein monark landet vert styrt av ein monark lander er styrt av ein monark
det brukast feil det vert bruka feil det er bruka feil
det lyt underskrivast det lyt verta underskrive ein lyt underskriva/skriva under på det
St-verb som vert bøygde i tid
Rangt Rett
det høyrast ikkje bra ut det høyrest ikkje bra ut
det finnast ikkje det finst ikkje
eg synast ikkje det eg synest ikkje det

Slå opp i ordboka for å finna dei fullstendige bøyingane til dei einskilde gjerningsorda. Nokre døme på st-gjerningsord som vert bøygde i tid, og bøyinga deira:

  • å høyrast - høyrest - høyrdest - har høyrst
  • å finnast - finst - fanst - har funnest
  • å synast ('meina') - synest - syntest - har synst
  • å blygjast - blygjest - blygdest - har blygst
  • å betrast - betrast - betrast - har betrast


Eigehøve

På nynorsk nyttar ein i hovudsak s-genitiven for eigennamn (Lisas hus) og i faste vendingar (ein times tid). Elles nyttar ein helst preposisjonar til å syna eigehøve:

Dårleg Dugande
landets innbyggjarar innbyggjarane i landet
folkets rettar rettane til/åt folket
turens høgdepunkt høgdepunktet på turen
Kva er dei andres meining? Kva meiner dei andre?/Kva er meininga til dei andre?

Samsvarsbøying

Kort sagt er endingane til samsvarsbøyinga soleis: -e (inkjekjønn), -en (ho- og hankjønn), -ne (fleirtal). Inkjekjønnsendinga fell saman med perfektum partisipp; slik at ein lett kan ta utgangspunkt i det: har kome (perfektum partisipp), det er kome (inkjekjønn), han/ho er komen (han- og hokjønn) og dei er komne (fleirtal). Det er då slik at med det same ein kjenner til «rota» som vert nytta i samsvarsbøyinga, kan ein lett finna den rette samsvarsbøyinga: kom + -e, -en eller -ne. Slik er det for dei fleste gjerningsorda, men det finst unnatak, til dømes finna: funne - funnen - funne.

Det er berre dei to gjerningsorda verta/bli og vera som tek samsvarsbøying. Døme:

Verbform - Verb Inkjekjønn Han- og hokjønn Fleirtal
vera - skyta Det kan vera skote. Han/ho kan vera skoten. Dei kan vera skotne.
er - verta Det er vorte gamalt. Han/ho er vorten gamal. Dei er vortne gamle.
var - frysa Det var frose. Han/ho var frosen. Dei var frosne.
vore - be(da) Det har vore bede. Han/ho har vore beden. Dei har vore bedne.
verta/bli - gje(va) Det kan verta gjeve. Han/ho kan verta gjeven. Dei kan verta gjevne.
vert/blir - eta Det vert ete. Han/ho vert eten. Dei vert etne.
vart/blei - bera Det vart bore. Han/ho vart boren. Dei vart borne.
vorte/blitt - finna Det har vorte funne. Han/ho har vorte funnen. Dei har vorte funne.

Kjelder og bakgrunnsstoff

Tags:

formlære Varaord (pronomen)formlære St-formerformlære Eigehøveformlære Samsvarsbøyingformlære Kjelder og bakgrunnsstoffformlære

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MidsommarBulgariaHarald I av NoregTinghaug i KleppJarle TråAlexander RybakDag HammarskjöldRagnhild GulbrandsenSvein HoldenIrakGulAlligatorarLitauenNorsk fonologiSelbu kommuneBærum kommuneSkreiLHareHappy HumanJørn Lier HorstUndergrunnsbanen i LondonBrennverdiGmailStord kommuneHollandPelle og Pysa PiratArabiskDet franske koloniriketHarald EiaØystein SundeDanmarkSamvirkelagArtsdanningMonogamiNoregFrozenSyriaHadesSvart kattMjølkMetaforKonsulatPlaneten MarsOlivia RodrigoProfessor emeritusMorfinBarentshavetNasjonaldraktKirunaÞingvellirMaterialismeSola kommuneAnarchy OnlineKlima i Sør-AmerikaLilleOlav V av NoregAteismeByar i HellasDonald TrumpVoilà av Barbara PraviThoriumkraftverkProvinsen UtrechtEselJamstellingsvedtaket16. aprilBrunStilarkDet norske alfabetetAnkerløkken VerftLeptokaryáVerdas landBieAnusLineariseringHovudside🡆 More