Attenderulling etter feil eller hærverk
Nokre gonger kjem ein uheldig stakkar til å lage ein feil på Wikipedia, og frå tid til annan vert Wikipedia ramma av hærverk i form av irrelevante merknadar eller sletting av delar eller heile artiklar.
I desse tilfella vert fylgjande prosedyre brukt for attoppretting av artiklar.
Dei fleste tulleartiklar vert oppretta på eit namn som ein kan skrive noko om, dersom dette ikkje er mogleg, set inn malen {{sletting}} øvst i artikkelen og vent på at ein administrator slettar han heilt. Skriv gjerne i samandragsfeltet, at artikkelen indeheld eit nybyrjareksperiment eller tull.
Ikkje set kryss på Uviktig endring, sidan ein kan velje vekk å vise desse i dei siste endringane.
Artikkelen kan i dette tilfellet attenderullast på denne måten:
Der er mogleg å trykkje på dato+tidspunkt-markeringa frå sida sin historikk, og dermed få det gamle innhaldet fram. Ved å trykkje «endre» kan ein no lagre den opprinnelege versjonen over hærverket. Ein får ein advarsel øvst oppe, om at det er ein nyare artikkel (den med hærverk), ein overskriv. Eit anna alternativ er at ein administrator trykkjer på automatisk attenderulling.
Ikkje set kryss på Uviktig endring, sidan ein kan velje vekk å vise desse i dei siste endringane.
Dersom det vert føreteke konsekvent hærværk av den same brukaren (same ip-adresse), kan du be ein administrator om at denne blir blokkert.
Ei anna moglegheit er å be ein administrator om å verne ei side mot endringar. Dette vert sjeldan brukt her på Nynorsk Wikipedia, men kan nokre gonger vere naudsynt i ein periode, ofte ikkje på grunn av hærverk, men meir på grunn av usemje omkring oppbygnaden av ein artikkel. Denne moglegheita «øydelegg» likevel heile grunnidéen med Wikipedia og vert difor berre brukt som ei siste naudløysing.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wiki:Attenderulling, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.