Whipping Post

«Whipping Post» er ein song av The Allman Brothers Band.

Whipping Post
Song av The Allman Brothers Band
frå albumet The Allman Brothers Band (studio)
At Fillmore East (live)
Utgjeve 4. november 1969 (studio)
juli 1971 (live)
Innspelt 7. august 1969 (studio)
13. mars 1971 (live)
Sjanger Bluesrock, Southern rock, jam
Lengd 5:20 (studio)
22:56 (live)
Selskap Capricorn Records
Komponist Gregg Allman
Tekstforfattar Gregg Allman
Låtskrivar(ar) Gregg Allman
Produsent Adrian Barber (studio)
Tom Dowd (live)

Han er skriven av Gregg Allman og den fem minuttar lange studioversjonen kom først ut i 1969 på debutalbumet deira The Allman Brothers Band. Den store krafta i songen kom likevel først til syne på konsertane deira, der han var grunnlaget for mykje lengre og intense versjonar. Eit klassisk opptak av songen finst på det doble konsertalbumet At Fillmore East i 1971, der ein 23 minuttar lang episk versjon avsluttar albumet. Det var denne innspelinga som gjorde at «Whipping Post» vart vald ut på listene « Rock and Roll Hall of Fame sine 500 songar som forma Rock and Roll» og Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Komposisjon og studioversjonen

Gregg Allman var 21 år gammal då songen vart spelt inn. Songen vart skriven mot slutten av mars 1969, då The Allman Brothers Band vart danna. Gregg hadde ikkje klart å kome seg fram som musikar seint i 1960-åra i Los Angeles, og var i ferd med å gje seg heilt som musikar då broren Duane Allman ringde og sa at det nye bandet hans trengde ein vokalist. Gregg synte bandet 22 songar han hadde skrive, men berre «Dreams» og «It's Not My Cross to Bear» vart rekna som gode nok. Gregg, som var den einaste låtskrivaren i bandet på den tida, vart beden om å skrive fleire songar som kunne høve det nye bandet, og dei neste fem dagane skreiv han fleire, inkludert «Whipping Post».

Songen handla om alle prøvane Gregg hadde gått igjennom som musikar i 60-åra, og songen vart raskt skriven på eit strykebrett: Han sa seinare: «Han kom så raskt. Eg fekk ikkje ein gong tid til å hente papir. Det er slik dei gode songane kjem, dei berre treff deg som ein murstein».

Teksten i bluesrocksongen handlar om ein metaforisk gapestokk, ei vond kvinne og fåfengt eksistensiell sorg. Forfattaren Jean-Charles Costa skildra studioversjonen som ei «solid rame for ein song som gjev tusenvis av mogelegheiter for å utvidast med soloar. ... [Han er] i modifisert 3/4-takt, og byggjer på til ei rekkje skrikande sologitartema, og når full styrke i refrenget med doble sologitarar». Resultatet vart av Rolling Stone kalla «ein varig hymne ... fylt med pinande blues-ballade bilete».

Musikalsk er songen umiddelbart gjenkjenneleg for å bruke ein 11/4-takt i introen. Som Gregg Allman seinare sa:

"Eg visste ikkje at introen var i 11/4-takt. Eg berre såg det som tre set med tre, og så to for å hoppe til dei neste setta med tre: det var som 1,2,3—1,2,3—1,2,3—1,2. Eg kunne ikkje telje det som om det var 1,2,3,4,5,6,7,8,9,10,11. Det var ein kort takt, men det kjentest ikkje som ein kort, fordi for å kome attende til triolen, måtte du ta to steg opp. Du slo verkeleg hardt på dei to, for å legge trykk på dei, slik at dei tre setta vart skilde. ... [Duane] sa, 'Det er bra, man, eg visste ikkje at du forstod 11/4.' Og eg sa sjølvsagt noko intelligent som, 'What's 11/4?' og Duane sa berre, 'Ok, tosk, eg skal prøve å teikne det på eit ark for deg.'»

Den originale «Whipping Post» vart spelt inn for The Allman Brothers Band den 7. august 1969, ved Atlantic Recording Studios i New York City. Adrian Barber var produsent og bandet brukte heile dagen i studio på songen. Albumet kom ut den 4. november 1969, men selde dårleg, og nådde så vidt botnen av den amerikanske albumlista. «Whipping Post» vart sett sist på albumet.

At Fillmore East-versjonen

Den kjende konsertversjonen vart spelt inn ved Fillmore East i New York på den andre konserten til bandet der, den 13. mars 1971. Duane Allman byrjar å introdusere songen – «Berry starts her off» – før ein fan ropar ut «Whipping Post!» Duane svarar, «You guessed it,» og Berry Oakley startar songen med ein kraftig, rumlande 11/4-takts bassgitar som Rolling Stone sa gav songen eit «stemningsskapande moment» og som vart eit av dei mest kjende bassriffa i rockehistoria.

Kort tid etter kjem Duane og Dickey Betts sine sologitarar inn, før Gregg Allman sitt Hammondorgel kjem inn. Vokalpartia er spreidd utover den 23 minuttar lange versjonen, med lange instrumentalparti innimellom.

Innverknad

Trass i lengda vart konsertversjonen av «Whipping Post» mykje spelt på progressiv rockeradio tidleg i 1970-åra, særleg seint på kveldane eller i helgene. Dette førte til at «Whipping Post» vart ein av dei mest kjende songane til bandet.. Det hjelpte og ryktet til At Fillmore East som The Rolling Stone Record Guide skreiv om i 1979, «har ingen bortkasta notar, ingen poenglause jammar, ingen halvhjarta vokal—alt tel»,. Rolling Stone skreiv i 2002, «det finaste konsertopptaket som nokon gong er festa til vinyl». VH1 sa om «Whipping Post» at det «var dette bandet vart kjend for, ein endelause klatring av aukande drama staka ut av doble gitarareksorsismar av Duane og Dickey Betts og den kule, avmålte, nesten jazz-aktige rytmeseksjonen».

Songen fekk òg ei nesten legendarisk rolle på rockekonsertar tidleg i 1970-åra då publikum på andre artistar sine konsertar på spøk ropte ut «Whipping Post!» mellom songane, slik tilhengjaren hadde gjort på At Fillmore East. Jackson Browne merka seg dette på konsertane hans på denne tida. Det same skjedde i 1974 i Helsingfors under ein konsert med Frank Zappa, som skildra under. Seinare skjedde det same med Lynyrd Skynyrd sin «Free Bird».

Andre artistar

I 1974 under ein Frank Zappa-konsert i Helsingfors i Finland, ropte ein mann i publikum om «Whipping Post». Zappa svarte med å spele ein southern rock-versjon av songen «Montana», med undertittelen «Whipping Floss». Dette vart gjeve ut på konsertalbumet You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 i 1988. I 1981 lærte bandet til Zappa seg «Whipping Post» og la han til repertoaret sitt, sidan den nye songaren og klaverspelaren Bobby Martin kjende songen og song solovokal på han. Zappa spelte ein studioversjon av songen i 1984 for albumet Them or Us; ei konsertutgåve av songen med sonen til Frank, Dweezil Zappa på sologitar kom ut i 1986 på Does Humor Belong in Music?.

Genya Ravan spelte inn songen i 1974 for albumet Goldie Zelkowitz, som sidan vart sampla av Jay-Z på «Oh My God» på albumet Kingdom Come i 2006.

Kjelder

Tags:

Whipping Post Komposisjon og studioversjonenWhipping Post At Fillmore East-versjonenWhipping Post InnverknadWhipping Post Andre artistarWhipping Post KjelderWhipping PostAt Fillmore EastGregg AllmanKonsertalbumRolling StoneThe Allman Brothers BandThe Allman Brothers Band av The Allman Brothers Band

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

OddSzilveszter CsollányStareMatriarkKjempeviseslåttenSandefjord kommuneHindutempelVulkanar i ItaliaEngelskVoss heradJordbruksrevolusjonenDesta Marie BeederOperatunnelenPierre CochereauPanterA Whiter Shade of PaleStrilVik kommuneTraneVatnSøppelKolmuleThoriumkraftverkJamstellingsvedtaketPromakhónasStaphylococcus epidermidisKunsteventyrOperasjon WeserübungSaudi-ArabiaABBARingdrottenOsloHjortetakksaltApeOSI-modellenStaffan stalledrängBokmålJødedommenRoland BrücknerIráklia i SérresJærenVaskebjørnFrankrikeJoachim av DanmarkSilje NordnesNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Nasjonal SamlingTwitterStore norske leksikonSol InvictusByar i NederlandUngarnRosenborg BallklubElvar i RusslandGrønlandRundeØrsta kommuneGuden RaNorsk Bonde- og SmåbrukarlagVersaillestraktatenGoogle MapsIslandBybanen i BergenRomanian born french cryptologistJohann Sebastian BachKommunismeDigital object identifierStorbritanniaEKvadratmeterEuropa🡆 More