Smooth Moves

WarioWare: Smooth Moves (おどるメイド イン ワリオ, Odoru Made in Wario) er eit samværspel for Wii, utvikla av Intelligent Systems.

Det var gjeve ut i Japan i lag med Wii-konsollen desember 2006, og i Europa, Nord-Amerika og Australia i januar 2007. Spelet er det femte i dataspel-serien WarioWare, og byggjer i likskap med føregangarane på ei samling av småspel som varer om lag fem sekund kvar.

WarioWare: Smooth Moves
Utviklar(ar)Intelligent Systems
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Yoshio Sakamoto
SerieWarioWare
Plattform(er)Wii, Wii U
UtgjevingJP: 2. desember 2006
EU: 12. januar 2007
NA: 15. jauar 2007
AUS: 25. januar 2007
SjangerSamværspel
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI: 7+
CERO: A
ESRB: E10+
OFLC: G
Medium1 Optisk Wii-plate
Nettstadhttp://us.wii.com/soft_wwsm.jsp
Del av serien WarioWare⠀
WarioWare: Touched! · WarioWare: Move It!→

Oppsett

Som føregangarane fokuserer WarioWare: Smooth Moves på særs korte «mikrospel» som kjem etter tur og som spelaren må greie. Om spelaren ikkje greier eit mikrospel kostar dette spelaren eitt av fire liv, og går spelaren tom for desse liva er spelet slutt. Dei ulike mikrospela krev at spelaren held Wii-fjernkontrollen på ulike vis og nyttar rørsler for å styra. Spelet er delt inn i fleire nivå, kvar av dei representerte av ein WarioWare-karakter med tilhøyrande mikrospel og ei laus historie. For kvart nivå introduserer spelet ein eller fleire nye måtar å halda Wii-fjernkontrollen på, i spelet kalla for «former», slik at mikrospela skil seg frå kvarandre. Alle nivåa har ei større utfordring på slutten; eit endenivå som er eit mikrospel meir komplekst, krevjande og lenger enn dei andre. Etter at ein spelar har greidd alle nivåa i einspelar-modus blir ein fleirspelar-modus tilgjengeleg. Her kan opp til tolv spelarar spela i lag ved å dela på ein Wii-fjernkontroll etter tur. WarioWare: Smooth Moves har rom for opp til tolv ulike profilar for ulike spelarar, og desse kan ein knyta personlege Mii-figurar til.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

AustraliaEuropaJapanNord-AmerikaWarioWareWii

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EuropaSudanKopplamFrode GryttenNamnedagHVACLAnkerløkken VerftRhinenAChristianiaMosesFlodsvinBisjkekAsker kommuneSnøleopardLemmingØ29. juniKveiteAluminiumBetaMonogamiJørgen KosmoVårsandbieGro Harlem BrundtlandPetter Northug16. maiLeptokaryáCanonOppland fylkeIne Marie Eriksen SøreideEjínioNato-alfabetet1900-taletVendlandÞingvellirLars Saabye ChristensenJordskorpeplateSpråk i EritreaNasjonalplantarRubjerg Knude FyrDet ukrainske skjoldetLine Nagell YlvisåkerStorbritanniaAli Baba og dei førti røvaraneGry HammerFlammepunktBindersProfil-opprøretVietnamesiskNordfjordeidProfessor emeritusTsjadKirsti BergstøZaniar MatapourKolanøttHistorieJohn Atkinson GrimshawNorrøn litteraturLeonardo da VinciBrusselLilleUnicornKlasselaust samfunnDei fem K-ane i sikhismenVestlandetElvis PresleyNatriumSognefjordenSverigeKrysantemumHollandTsjekkiaMount EverestGeorg V av StorbritanniaPolarlys🡆 More