Wantage er ein liten by i Oxfordshire i England.
Han er mest kjend som fødestaden til kong Alfred den store (ca. 849–899). Ein statue av han, laga av grev Gleichen, vart reist på marknadsplassen på 1800-talet. Fram til reforma av lokalstyret i England i 1974 låg byen i Berkshire.
Wantage | ||
---|---|---|
Marknadsplassen | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Oxfordshire | |
Distrikt | Vale of White Horse | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) | 9 767 | |
Koordinatar | 51°35′N 1°26′W / 51.583°N 1.433°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | OX12 | |
Telefon-retningsnummer | 0 01235 7 | |
Nettstad: www.wantage.com | ||
Statuen vart betalt av Lord Wantage, som òg gav Victoria Cross Gallery til byen. Galleriet har måleri av fleire handlingar som førte til at det vart delt ut eit Victoria Cross, blant anna hans eigen heltedåd under Krimkrigen. Lord Wantage var òg med på å grunnlegge den engelske Raude Krossen.
Bynamnet kjem truleg frå eit keltisk stadnamn, truleg Gwanet-inge, som tyder «Hundeelva». Han er nemnt i Domesday Book (1086), då han kom i kongen sitt eige og hadde ein verdi på 61 pund. I 1190 vart byen gjeve til jarlen av Albemarle. Wantage fekk rett til å holde ein vekentleg marknad av Henrik III i 1216. Det er no to marknadsdagar i veka, onsdagar og laurdagar.
Det finst fleire historiske bygningar i Wantage. Den noverande soknekyrkja, vigd til apostlane Peter og Paulus, er på 1200-talet, og erstatta ei kyrkje på 900-talet. Ei vassmølle frå tida der Wantage var eit senter for ullhandel er bevart. Denne handelen oppstod etter at Wilts og Berks-kanalen vart bygd mot slutten av det 1700-talet.
Ein periode hadde byen ein trikk som knytte han med Great Western Railway, men med unntak av den tidlegare stasjonsbygningen i Mill Street er det ingenting igjen av linja. Jernbanestasjonen, som òg er nedlagd, ligg omkring 5 km frå byen.
Nest etter Alfred den store er den mest kjende innbyggjaren lyrikaren John Betjeman, som budde der frå 1972 til 1984.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wantage, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.