Walkersirkulasjonen

Walkersirkulasjonen er ein atmosfærisk sirkulasjon over ekvator i Stillehavet.

Dette fører til den austlege passatvinden langs havoverflata, og skapar ein havstraum som går vestover. Utanfor kysten av Peru og Ecuador fører dette til oppvelling av kaldt og næringsrikt vatn til overflata, for å erstatte vatnet som strøymer vestover. Dette gjev gode forhold for fiskerinæringa i området. Sirkulasjonen vart oppdaga av den norske meteorologen Jacob Bjerknes i 1969 og kalla opp etter den britiske fysikaren Sir Gilbert Walker, som oppdaga den sørlege oscillasjonen.

Walkersirkulasjonen
Ei skjematisk plott av delvis likevekt og La Niña fasen av den sørlege oscillasjonen. Walkersirkulasjonen kan ein sjå ved overflata som den austlege passatvinden. Vestsida av det ekvatoriale Stillehavet har ofte varmt og fuktig vêr, og det vert frigjeve mykje fukt i samband med tyfonar og torevêr. Havet er 60 cm høgare på vestsida av Stillehavet enn på austsida på grunn av den vestlege havstraumen. Under ein El Niño strøymer dette varme vatnet tilbake mot aust på grunn av høgdeskilnaden, og fører med seg varmt vatn og det fuktige vêret til Sør-Amerika.

El Niño

Walkersirkulasjonen oppstår på grunn av ei trykkgradientkraft mellom høgtrykk over austlege delar av Stillehavet og lågtrykk over Indonesia. Av og til, på grunn av effektar ein ikkje kjenner til, vert Walkersirkulasjonen svekka eller til og med reversert, og dette fører til ein El Niño episode. Under slike hendingar strøymer det varme vatnet som vinden og havstraumen har stuva opp i vest tilbake mot aust, og oppvellinga av det kalde vatnet utanfor kysten av Sør-Amerika forsvinn, noko som får konsekvensar for fiskeindustrien i området. Når Walkersirkulasjonen er kraftigare enn vanleg fører dette til ein La Niña-episode, som fører til enno lågare havoverflatetemperatur i aust på grunn av auka oppvelling.

Eit vitskapleg studie som vart publisert i journalen Nature i mai 2006 indikerer at Walkersirkulasjonen har blitt svakare dei siste tiåra, og forfattarane spekulerer i om global oppvarming er ein av faktorane til dette.

Tags:

Atmosfærisk sirkulasjonEcuadorEkvatorEl NiñoGilbert WalkerJacob BjerknesMeteorologOppvellingPassatvindPeruStillehavet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FascismeVitamin KEEngland og WalesEyvind JohnsonPodsolMolde kommuneKelly ClarksonPolenUngkarVimmerby kommunSekretær som møbelMahatma Gandhi2024SpedbarnPRISMEdderkoppar i kulturenKrigAntropomorfismeAndreas Hofgaard WinsnesNo-dramaKlima i CanadaAndreas WidhölzlKvintakkordByar i HellasWehrmachtObtestManuel ChrysolorasFollo FotballklubbJean CocteauMGarden KatthultIgoumenítsaCanon EOS 250DAristotelesOrDei fem K-ane i sikhismenMoskvaprosessaneDeltaMrs. RobinsonAndreas RombergJolene av Dolly PartonMagnus MarsdalCupheadKilelérEtiopiaVictoria av StorbritanniaThe Power to BelieveTryggve AndersenReirRumpetrollHarald EiaWikifrasarTatjana TomasjovaArne Kjell LarsenThe DoorsAsbjørnsen og MoeIslandGunnar StaalesenKattTrykkEselTimeglasMøteplassPierre-Simon LaplaceUngarnNorsk Barneblads ForlagSaudiarabisk geografiGrunnstoffliste etter atomnummerBöle i HelsingforsØresundbruaHaikuPetter SalstenMoldedialektGunnhild SundliBuddhismenTyrkia🡆 More