Walbrook var namnet på ein av dei små bekkene som tidlegare rann ut i Themsen ved London, og som i dag er forsvunne eller fullt overbygd.
Walbrook fekk truleg namnet sitt fordi ho rann under eller gjennom bymuren London Wall. Ho kom oppe frå Finsbury og rann ut i Themsen omtrent der Cannon Street Railway Bridge ligg i dag, og delte dermed romarane sitt Londinium i to.
Walbrook | |||
elv | |||
Munningen til Walbrokk i Themsen. | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | subterranean rivers of London | ||
Walbrook 51°30′34″N 0°05′33″W / 51.509413888889°N 0.092569444444444°W |
For den romerske busetjinga tente Walbrook truleg både som drikkevasskjelde og kloakk. På den austre breidda bygde romarane eit Mithra-tempel, som vart funne og undersøkt under byggearbeid etter andre verdskrigen. På austbreidda låg òg palasset til den romerske guvernøren.
Det einaste minnet om bekken i dagens London er den vesle gata Walbrook mellom Cannon Street stasjon og undergrunnsstasjonen Bank. Gata følgjer det løpet som Walbrook hadde på denne staden.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Walbrook, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.