Vondskap

Vondskap er eit abstrakt omgrep som kan visa til noko pinefullt og plagsamt eller det å ønska å gjera andre vondt.

Det kan også definerast som den ytterste rekkjevidden av å gjera gale eller å mangla moral. Det finst mange definisjonar av vondskap, såvel som analysar av motiva for det. Element som ofte blir sett i samanheng med vondskap er likevel ubalansert oppførsel som omfattar formålstenlegheit, egoisme, ukunne og neglisjering.

Vondskap
Eit av fem japanske måleri av 'Utryddinga av det vonde' viser Sendan Kendatsuba, ein vernar av buddhistisk lov, som overvinn vondskap.

I visse kulturar, særleg dei påverka av abrahamittiske religionar, blir vondskap gjerne sett på som ein dualistisk antagonistisk motsetnad til godskap, der det gode skal sigra over det vonde. Vonde hendingar er gjerne følgjer av synd eller å vanvyrde Gud. Det vonde kan personleggjerast med ein skikkelse som Djevelen, Satan, Iblis og så bortetter.

I dharma-religionar er det gjerne slik at ein kan fri seg frå både det gode og det vonde gjennom å oppnå eining med verdsaltet. I kulturar påverka av buddhismen er både det gode og det vonde sett på som motsetningar som ein må fri seg frå gjennom å oppnå sunyata, tomheit frå dei. I hinduismen er ikkje vondskap rekna som eit eige metafysisk prinsipp, men som noko som finst i lag med livet i verda, både i høve til menneske og tidsepokar (yuga). Liding og kosmisk uorden (adharma, mangelen på dharma) går ofte att i kampen mellom gudar (devaer) og demonar (asurarer).

Kjelder

Tags:

Moral

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HalloIsDrinfossenLatin-AmerikaIgoumenítsaSudanIschiaTerje StrømdahlTromsø kommuneKyprosVaskesetelGardasjøenTranePlaneten MarsH.C. AndersenHovudsidePilPer SpelmannMitoseMidsommarPárgaNykøbing MorsUrfolkMesopotamiaThorleif HaugReguleringsventilSteve PorcaroNynorskdagenKvitveisDompapKristiansund BallklubbØrnForelskingOperativsystemGaltvortVestmannaeyjar lufthamnGyllen fallskjermSjantiHarald EiaJeórjos Karaiskákis i ÁrtaNord-KoreaKokosmakronEkstaseEddadiktInformasjonskapselAmasoneBloggHar SedomRussisk litteraturTidslinje over norsk historieBrohlbachHåvard RemR.S. ThomasAustraliaDen muslimske verdaVerdas skriftsystemVM i skiskyting 1999EfesosTelekommunikasjonKråkebolleRundeÍpirosKvartalBjørkefinkKolonialhandelMichael UhrmannHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorReligiøse nasjonalsymbolFrankrikeNasjonaldyrWilliam ShakespeareNettrollKlima i CanadaSiderCelina MidelfartNicolette Larson🡆 More