Virtual Console (バーチャルコンソール, Bācharu Konsōru) er ein serie av dataspel for Nintendo-konsollane Wii, Wii U og Nintendo 3DS som kan lastast ned frå internettet.
Utvalet av Virtual Console-spel omfattar dataspel som opphavleg har vorte utgjevne på tidlegare stasjonære og handhaldne spelkonsollar. Desse spela køyrer i sine opphavlege utgåver gjennom programvareemulering, og er dimed hovudsakleg uendra, og kan i dag lastast ned frå Nintendo eShop for Nintendo 3DS og Wii U (tidlegare òg Wii Shop Channel for Wii). Virtual Console femner spel frå Nintendo Entertainment System, Super Nintendo Entertainment System, Game Boy, Game Boy Color, Nintendo 64, Game Boy Advance og Nintendo DS, i tillegg til SEGA-konsollane Master System og Mega Drive, NEC-konsollen TurboGrafx-16 og SNK-konsollen Neo Geo AES. Tenesta til Wii femna òg spel frå plattformer som i si tid berre vart utgjevne i nokre utvalde marknader, som Commodore 64 (Europa og Nord-Amerika) og MSX (Japan). Virtual Console-titlar har vorte lasta ned over ti millionar gonger.
I slutten av januar 2019 starta Nintendo utfasinga av Virtual Console ved å leggje ned nettbutikken til Wii.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Virtual Console, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.