Villanella (fleirtal villanelle — må ikkje forvekslast med den franske verseforma villanelle) er ei form for lett italiensk verdsleg vokalmusikk som dukka opp i Italia like før midten av 1500-talet.
Han vart først skapt i Napoli og påverka den seinare canzonettaen og frå der påverka han òg madrigalen.
Temaa er ofte landsens, komisk og ofte satirisk, og ofte manieristisk. Rytmemønsteret til versa i dei tidlege napolitanske formene er vanlegvis abR abR abR ccR. Villanellene vart ein av dei mest populære songformene i Italia rundt midten av 1500-talet.
Tidlege villanellaer (kjend som canzone villanesca) alltid for tre stemmer utan akkompagnement. Den første komponisten av villanellaer var napolitanarane Giovanni Domenico da Nola og Giovan Tomaso di Maio. Andre komponistar var mellom andre Adrian Willaert, Luca Marenzio, Adriano Banchieri og Orlande de Lassus.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Villanella, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.