Vigilie (latin for 'nattevak' eller 'vaking', norrønt vaka) er innan kristen tradisjon ei religiøs handling som føregår om natta.
Det kan til dømes visa til gudstenester før kyrkjelege festdagar, som påskevigilia på påskeaftan og julevigilia på julaftan.
I oldkyrkja var det vanleg at kristne kom saman kvelden før ei viktig høgtid og førebudde seg gjennom vake, bøner, skriftlesing og eventuelt også andakt. Slike markeringar kunne utvikla seg til vill festing, og ved eit kyrkjemøte i 1231 blei dei fleste vigiliene gjennom natta avskaffa.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vigilie, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.