Victoria I Britisk Columbia

Victoria er provinshovudstad i Britisk Columbia i Canada.

Byen ligg på sørsida av Vancouver-øya, og er med sine 80 032 innbyggjarar (2011) den største byen på øya. Victoria storbyområde har eit innbyggjartal på 344 630 (2011), som gjer det til det 15. største storbyområdet i Canada. I området finn ein mellom anna Royal Roads University.

Victoria
by
Victoria I Britisk Columbia
Land Victoria I Britisk Columbia Canada
Region Britisk Columbia
Areal 19,68 km²
Folketal 80 032  (2011)
Borgarmeister Lisa Helps
Tidssone UTC-8

Victoria i British Columbia
48°25′20″N 123°21′57″W / 48.422151°N 123.3657°W / 48.422151; -123.3657
Wiki Commons: Victoria, British Columbia

Historie

Før europearar kom til området på slutten av 1700-talet var området rundt Victoria heimstad for fleire Coast Salish-folk, mellom anna songheefolk. Spanjolar og britar byrja å utforska nordvestkysten frå Juan Pérez si ferd i 1774 og James Cook si i 1778. Sjølv om Victoria-området ved Juan de Fuca-sundet ikkje blei utforska før i 1790, vitja spanske sjøfolk Esquimalt Harbour (like vest for sjølve Victoria) i 1790, 1791 og 1792.

I 1841 fekk James Douglas i oppdrag å skipa ein handelspost på sørtuppen av Vancouverøya. Douglas grunnla Fort Victoria på staden der den noverande byen ligg i påvente av resultatet av Oregon-traktaten i 1846, som kom til å fortsetja grensa mellom Britisk Nord-Amerika og USA langs 49. breiddegrad frå Rocky Mountains til Strait of Georgia.

Victoria I Britisk Columbia 
Utsyn over Victoria frå James Bay i 1862.

Byen blei skipa som ein handelspost for Hudson's Bay Company i 1843 på ein stad som opphavlleg heitte Camosack med tydinga 'brus av vatm'. Ei kort tid blei busetnaden kalla «Fort Albert», før han blei omdøypt til Fort Victoria i november 1843 til ære for dronning Victoria av Storbritannia. Songheefolka busette seg i ein landsby tvers over hamn frå festningen. Songhee-landsbyen blei seinare flytta nord for Esquimalt i 1911. Kronkolonien blei skipa i 1849. Mellom 1850 og 1854 blei det gjort ei rad avtalar, kjende som Douglas Treaties, med urfolkssamfunn om å kjøpa ulike landeigedommar i bytte for varer. Desse avtalane bidrog til at ein kunne byggja ein by på staden og gjera han til kolonihovudstad, men det er blitt reist spørsmål rundt kor etiske forhandlingane og oppretthaldinga av rettane frå kolonistyresmaktene var.

Då det blei kjent at ein hadde funne gull på fastlandet i Britisk Columbia mainland i San Francisco i 1858 blei Victoria hamn, forsyningsbase og utstsyrssenter for gullgravarar på veg til funnstaden i Fraser Canyon. Gullrushet førte til at folketalet voks frå 300 til over 5000 på nokre dagar. Victoria fekk status som by i 1862. I 1862 var Victoria episenter for ein kopparepidemi som særleg råka canadiske urfolk hardt. Rundt to tredelar av alle urfolk i Britisk Columbia døydde. I 1865 skipa Royal Navy basen sin for Nord-Stillehavet i Esquimalt, som i dag husar Canada sin base CFB Esquimalt. I 1866 blei øya politisk sameint med fastlandet, og Victoria blei utnemnd til hovudstad for den nye sameinte kolonien United Colonies of Vancouver Island and British Columbia i staden for New Westminster, noko som var upopulært på fastlandet. Victoria blei provinshovudtad då Britisk Columbia blei del av Canadakonføderasjonen i 1871.

Ein utviklingsboom innan eigedom og utbygging enda like før fyrste verdskrigen, slik at Victoria er prega av mange edvardianske bygningar. Etter andre verdskrigen har Victoria-området hatt ein nokså jamn vekst, og blitt heim til to større universitet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Britisk ColumbiaCanadaVancouver-øya

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

StrilamålTidslinje over norsk historieTone Wilhelmsen TrøenHundre års ensomhetRaylee5. oktoberVärmlandskKarbonTysdagOsloPKrageflagellatBodø kommuneDonald SutherlandKrøllalfaDjengis khanDifferensialdiagnoseBjordalLørenskog kommuneUndergrunnsbanen i LondonMøteplassHeilage Nikolas1974FareskiltNangijalaOttomanÅkernesetAndré GideEuroAsteroidemåneEmmylou HarrisLindisfarne klosterMargrethe II av DanmarkOrientråkeVendlandErik ByeMalawiRay CharlesStemmerettsalderYatzyKoptisk kristendomThe KidsBoris JohnsonMinar-e-PakistanAllahu akbarEM i fotball 2008Andre verdskrigWikimaniaWashington County i OregonJacob ObrechtBeaufortskalaenDen europeiske unionenHallgeir BrendenBlåmannVindDonauHeinoYoichiro NambuOppdal kommuneAC/DCØresundbruaBergenROBEKThoriumkraftverkHarold BloomKaptein SabeltannAserbajdsjanSkjærtorsdagMolde kommuneSjokoladen Hobby🡆 More