Vibeke Skofterud

Vibeke Westbye Skofterud (20.

april">20. april 198029. juli 2018) var ein norsk langrennar frå Slitu i Eidsberg kommune i Østfold. Ho vart olympisk meister i stafett med Noreg i 2010 og vart verdsmeister i stafett både i 2005 og 2011. I alt vann ho fem medaljar med Noreg i stafettar under ulike ski-VM og vinter-OL. Skofterud var medlem av Slitu Idrettsforening. I 2002 vart ho norsk meister i sprint-øvinga.

Vibeke Skofterud

Vibeke Skofterud

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1980
Askim kommune
Død

29. juli 2018 (38 år)
Hove

Idrett langrenn
Tok del i

cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics, Langrenn under Vinter-OL 2010, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2011

Aktiv

Skofterud fekk sitt internasjonale gjennombrot i OL-sesongen 2002, med di ho i Cogne 8. desember 2001 vart nummer tre på 5 km i klassisk stil. Gjennom tolv sesongar, 2002 til 2013, oppnådde ho tolv pallplasseringar etter individuelle verdscuprenn, men gjekk aldri heilt til topps. Derimot var ho i tida 2001-12 med på å vinne 17 stafettevlingar i verdscupen.

Under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme gjekk Skofterud på ankeretappen Noreg inn til sølvmedalje i 4 x 5 km stafett, 32 sekundar bakom det tyske laget. To år seinare var ho flytta over til startetappen då Noregs stafettlag vann VM-gullet, åtte sekundar føre Russland. Skofterud gjekk same etappen under Ski-VM 2007, der ho fekk ein medalje av den valøren ho mangla, ein bronsemedalje.

Skofterud vart olympisk meister i 4 x 5 km stafett under Vinter-OL 2010 i Vancouver og verdsmeister i same øvinga under Ski-VM 2011 i Oslo. Begge gongane gjekk ho fyrsteetappen på Noregs lag, som ved begge høva elles bestod av Therese Johaug, Kristin Størmer Steira og Marit Bjørgen.

Vibeke Skofterud 
Skofterud ved målgang i Vasaloppet 2012

I 2012 vann Skofterud kvinneklassa i Vasaloppet, som første norske kvinne, og sette ny løyperekord med 4.08,24.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Skofterud omkom i ei ulukke med vasskuter ved Tromøya i Arendal kommune.

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Tags:

Vibeke Skofterud AktivVibeke Skofterud KjelderVibeke Skofterud198020. april201829. juliEidsberg kommuneLangrennØstfold

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1973SikhismenVassfuglarVladimir PutinTønsberg kommuneOperahuset i OsloScrabbleKanye WestOddvar BråPRISMElektrostatisk generatorGitarforsterkarMount Salisbury i AntarktisForvandlingaHound DogAnne HoltInternasjonalenApatosaurusThesprotíaDen kalde krigenFacesGyllen fallskjermKristin ClemetMarikkenUniversity of FloridaHollandI Dovregubbens hallSagaen om IsfolketKvintakkordPer SpelmannThorolf HolmboeWorld Wide Fund for NatureDen muslimske verdaVimmerby kommunSosialdarwinismeAdolf HitlerNord-EuropaHagebruksreiskapSionistHindutempelPlaneten MarsPolitiet i NoregVestmannaeyjar lufthamnKvam heradHøgaste fjell i EuropaDet norske flaggetVitamin KChristianiaSentral-MakedoníaAbrogeraFilmserien Harry PotterSjangerÆHank LocklinInternettJerry Leiber og Mike StollerJantelovenDet polske flaggetLivstykkeFresnelsoneDet norske alfabetetBizkaiaJon FosseGrønlandGrunnstoffliste etter atomnummerStand by MeGardasjøenCharlène av MonacoFollo FotballklubbEyvind Johnson2024🡆 More