Vestfrisisk

Vestfrisisk ((Westerlauwersk) Frysk) er det frisiske språket som vert snakka i den nederlandske provinsen Friesland.

Når frisisk vert omtalt i denne artikkelen er det vestfrisisk (Westerlauwers) det viser til. I tillegg til vestfrisisk eksisterer enno dei mindre frisiske språka austfrisisk (Saterfrisisk) og nordfrisisk.

Vestfrisisk
(Westerlauwersk) Frysk
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germansk
  Vestgermansk
   Frisisk
    Vestfrisisk
Bruk
Tala i Nederland
Vestfrisisktalande i alt 440 000
Offisiell status
Offisielt språk i Friesland i Nederland
Språkkodar
ISO 639-1 fy
ISO 639-2 fry
ISO 639-3 fri – vestfrisisk
stq – saterfrisisk
frr – nordfrisisk
Wiki på vestfrisisk

Offisielt frisisk

Offisielt frisisk er utvikla basert på dialektane kleifrisisk og woudfrisisk, denne vert brukt i undervising og i offentleg forvalting. Frisisk rettskriving har gått gjennom fleire reformer, sist med Steatestavering (Statsrettskrivinga) for den Frisiske provinsen i 1980.

Frisisk er eit nasjonalt minoritetsspråk i Nederland. I tillegg er språket verna av den europeiske traktaten for vern av regionale minoritetsspråk. Frisisk språk og litteratur er valfritt fag i Friesland og ein kan ta eksamen på vidaregåande nivå. Vidare kan ein studere frisisk ved Universitetet i Amsterdam (Universiteit van Amsterdam) og Groningen (Rijksuniversiteit Groningen).

Vestfrisisk 
Provinsen Friesland

Dialektar

Frisisk kan delast opp i følgjande dialektar:

  1. Noordhoeks (nord for Dokkum)
  2. Kleifries (nord og vest for Leeuwarden (Ljouwert))
  3. Woudfries (aust i Friesland og lengst vest i provinsen Groningen)
  4. Zuidwesthoeks (lengst sør og sør-vest i Friesland)
  5. Hindeloopers (i Hindeloopen)
  6. Aasters og Westers (aust og vest på øya Terschelling)
  7. Schiermonnikoogs (på øya Schiermonnikoog)

Tal på brukarar

I 2004 vart frisisk snakka av omtrent 440 000 i Friesland. Av desse hadde omtrent 350 000 frisisk som morsmål, det svarar til litt over halvparten av befolkninga i Friesland. Det finst inga nyare undersøking om kor mange som snakkar frisisk på verdsbasis. I ein publikasjon i 1976 talde dei 700 000 frisiskspråklige.

Relaterte språk

Frå 1500-talet vart det i ein del frisiske byar snakka eit blandingsspråk av hollandske dialektar og frisisk. Dette er kjent som byfrisisk. Språkvarianten, som vanlegvis vert rekna som ein nederlandsk dialekt, taler ein i tillegg i Bildt, på øya Ameland og i Midsland på øya Terschelling.

Døme

«Bûter, brea, en griene tsiis» osb.

Bûter, brea, en griene tsiis; (smør, brød og grøn ost)
wa't dat net sizze kin, is gjin oprjochte Fries. (han som ikkje kan seie det, er ingen verkeleg friser)

Eit anna døme er den frisiske nasjonalsongen, Dei âlde Friezen. Første vers og refreng går slik:

Frysk bloed tsjoch op! Wol no ris brûze en siede,
En bûnzje troch ús ieren om!
Flean op! Wy sjonge it bêste lân fan d'ierde,
It Fryske lân fol eare en rom.

Refreng:
Klink dan en daverje fier yn it rûn
Dyn âlde eare, o Fryske grûn!
Klink dan en daverje fier yn it rûn
Dyn âlde eare, o Fryske grûn!

Sjå òg

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Vestfrisisk Offisielt frisiskVestfrisisk DialektarVestfrisisk Tal på brukararVestfrisisk Relaterte språkVestfrisisk DømeVestfrisisk Sjå ògVestfrisisk KjelderVestfrisisk BakgrunnsstoffVestfrisiskFrisisk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Hilde LyrånOdesaEuropaKnut Marius DjupvikArnold SchwarzeneggerGlenn2012-fenomenetKjersti Herland JohnsenTurn under Sommar-OL 1980KleopatraHuai'anVladimir LeninPåskekyllingAndre påskedagSovjetunionens kommunistiske partiKveiteBrussel1742GjærMickey RaphaelThe KidsFrankrikeMexicoKirgisistanHallgeir BrendenThe Star-Spangled BannerLørenskog kommuneHeaven for EveryoneMilliCytosinFlygefiskenWikiHaitiNederlandskFurlongLeksikonTrude DrevlandPrimstavDigital object identifierErik AndersenNorske bistands- og utviklingsministrarMS «Venus» (1931)Danica PatrickOle PausMarit BjørgenNapoléon BonaparteISBNYatzyXenofobi2022Bodø kommuneGudbrandsdalenEinar FørdeBuVärmlandKon-Tiki-ekspedisjonenAktiv galaksekjerneWiki CommonsMosambikBliksværOddaIngrid Gjessing LinhaveOrHeinoPåskeeggSiamAretha FranklinTadsjikistanLagerthaGoogolAstma🡆 More