Vest-Virginia (engelsk West Virginia) er ein delstat i USA.
Hovudstaden er Charleston.
Vest-Virginia | |||
delstat | |||
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | det kontinentale USA, South Atlantic states | ||
Hovudstad | Charleston | ||
Areal | 62 755 km² | ||
- land | 62 361 km² | ||
- vatn | 394 km² | ||
Folketal | 1 815 857 (2017) | ||
Folketettleik | 29 / km² | ||
Guvernør | Jim Justice (R) | ||
Før innlemming | Del av Virginia | ||
Innlemma i USA | 20. juni 1863 | ||
Statsnummer | 35. | ||
Forkorting | WV | ||
Vest-Virginia 39°00′N 80°30′W / 39°N 80.5°W | |||
| |||
Wiki Commons: West Virginia | |||
Nettstad: wv.gov | |||
Staten er den vestre delen av den opphavlege staten Virginia, men då Sørstatane reiv seg laus frå USA under den amerikanske borgarkrigen nekta fylka som no utgjer Vest-Virginia å gjera dette. Dei blei godkjende som eigen stat den 20. juni 1863, og er den einaste delstaten som blei oppretta som eit direkte resultat av borgarkrigen.
Vest-Virginia grensar til Pennsylvania i nord, Ohio i nordvest, Kentucky i vest, Maryland i nordaust og Virginia i aust og sør. Elvane Ohio og Potomac dannar delar av grensene. Vest-Virginia er den einaste staten som ligg helt innanfor fjellkjeda Appalachane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vest-Virginia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.