Varmekapasiteten C for ein gjenstand er forholdet mellom den varmen Q me tilfører gjenstanden, og den temperaturstiginga △ T } gjenstanden får,
Eininga for varmekapasitet er joule per kelvin, [C] = J/K.
Varmekapasitet er ein målbar eigenskap. Sidan varmekapasiteten er avhengig av storleiken til gjenstanden er det ein ekstensiv eigenskap.
Dersom ein gjenstand er homogent samansett av eit gitt stoff, er forholdet mellom varmekapasiteten og massen lik den spesifikke varmekapasiteten til stoffet. Den spesifikke varmekapasiteten er ein intensiv eigenskap. Han er uavhengig av mengda stoff ein har.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Varmekapasitet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.