Vanitas

Vanitas (frå latin, 'det forgjengelege') er eit kristent inspirert motiv eller tema i målarkunst, skulptur og skjønnlitteratur som legg vekt på å minne tilskodaren om å ta omsyn til at livet her på jorda er forgjengeleg, og alle difor må leve slik det høver seg når ein ser alt i eit vidare perspektiv.

Ordet vanitas skriv seg frå innleiinga til Forkynnaren (Preikaren) (1:2) i Det gamle testamentet i Bibelen, der det i den latinske vulgata-omsetjinga heiter «Vanitas vanitatum omnia vanitas», 'det forgjengelege ved forgjengelegdomen', som sikter til alt det tomme, fåfengte og forgjengelege i den jordiska verda.

Vanitas
Memento mori, «hugs at du skal døy», ein italiensk vanitasskulptur i tre frå 1800-talet som syner eit halvt levande og eit halvt daudt og oppløyst kvinnehovud.
Vanitas
Vanitasmotiv av den franske kunstmålaren av Simon Renard de Saint-André (1613–1677).

Bileykunst

I biletkunsten vert dette temaet som oftast symbolisert ved stillebenoppstillingar av daudingskallar, daude dyr, visne blomar, ljos som nesten er brunne ned, lamper som har slokna, ur (som har stoppa), timeglas som har runne ut eller er i ferd med renne ut, visna blomar eller skrøpelege og forgjengelege gjenstandar som glas, porselen, såpebobler, nøtter, frukt, fisk ogliknande. Dei kan også innehalda element som dance macabre (daudingdans) og liknande. Slike symbol vert i mange høve kombinert med framstillingar av levande unge kvinner eller menn, slik at kontrasten mellom det levande og blømande og det daude og forgjengelege vert framheva.

Vanitas var eit sentralt motiv i biletkunsten på 1600-talet, og var særleg populært i Nederlanda.

Skjønnlitteratur

I skjønnlitteraturen kan ein visa til vanitas ved hjelp av symbol, som hovudskallen i Hamlet av William Shakespeare, eller det kan vera bodskapen i ei forteljing, som i Vanity Fair av William Thackeray.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Vanitas  Commons har multimedium som gjeld: Vanitas

Tags:

Vanitas BileykunstVanitas SkjønnlitteraturVanitas GalleriVanitas KjelderVanitas BakgrunnsstoffVanitasDet gamle testamentetForkynnarenKristendommenLatinMålarkunstSkjønnlitteraturSkulpturVulgata

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KarikaturHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottNord-AmerikaMeråkerNordsamiskJaroslav SakalaHenry LawsonPogóniGunnhild SundliElisabeth TerlandEStorfe1300-taletSkandinaviaNihilismeWikiHurtigrutaRadioantenneAftonbladetMicrosoft WindowsDavid CameronNynorskNazismeCanon EOS 250DSkigardsviseOverarmsbeinNaturbrukRichie FaulknerCasanova av SupergruppaValutaFylkesveg 751 (fleirtyding)Olav V av NoregTongaMetanolBrenselcelleAfghanistanSolgangsbrisGezer regionale kommuneKelly ClarksonMorfinGoogle ChromeLa LigaElon MuskPeter F. WolfHellasMusikkgruppa GåteEselVladimir PutinFree Fallin'Eyvind JohnsonAstrid LindgrenKjønnshårEstragonWehrmachtOprah WinfreyMesonInternasjonal telefonkodeAnatolij FirsovGassVeneziaClaudio LangesTherese BjørneboeNasjonaldagCanadaArtemisMatematikarMaud av NoregThe Big Bang TheorySvastikaEli Kari GjengedalDu FuFinlandVigselMichael UhrmannJerry Douglas🡆 More