Vampyrar er mytiske skapnader kjende for å suge blod av menneske.
Dei stammar frå aust-europeisk folketru, men har gått inn i moderne litteratur og populærkultur der dei har utvikla seg vidare.
Originalt høyrer dei til i folkeminne på Balkan og i Romania, der det vart fortald om kvilelause daudingar som drakk blodet av levande. Dette gjorde dei oftast ved å gå til åtak på dei og drikke rett av hjarta. Vampyrane vert rekna til dei vandaude, og kan òg omtalast som blodsugar-draugar (Ola Raknes).
På 1800-talet vart vampyrane nytta i litteraturen, og vart særskild skildra av Bram Stoker i romanen om Dracula. Stoker skapte ein ny forestilling om vampyrane, som kopla dei saman med driftene i borgarskapet. Desse vampyrane drakk av halspulsåra, og slik vert dei mest framstilt i dag.
Vampyrane er sidan vortne populære i ei rekkje filmar og TV-seriar, frå Nosferatu til Buffy the Vampire Slayer. Dei er òg nytta i forfattarskapet til Anne Rice.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vampyr, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.