Valentinsdagen den 14.
februar">14. februar er ein festdag for romantisk kjærleik. Han blir markert ved at ein gjev gåver, helsingar eller romantiske opplevingar til den ein elskar eller berre vil flørta litt med.
Den kristne feiringa av dagen kan ha røter i romersk feiring av gudinna Juno som representerte kvinner og ekteskap (14. februar), og starten på lupercaliafestivalen, ein fruktbarheitsfest som byrja 15. februar. Pave Gelasius I la ned forbod mot å feira lupercalia seint på 400-talet. Det er fyrst på 1300-talet ein kjenner til at valentinsdagen vart feira som ei romantisk høgtid i Frankrike og England.
Valentinsdagen er knytt til heilage Valentin. Valentin vart fengsla etter at den romerske keisaren Claudius truga med fengsel og dødsstraff for dei som ikkje avsverga seg kristendommen. Valentin ville ikkje avsverge si gudstru, og difor vart han steina til døde i år 273. Før Valentin vart drepen, skreiv han eit brev til si kjære Julia og bad henne om å halde seg til Gud. Han underteikna med «… frå din Valentin».
Mange sender postkort til kjærasten sin denne dagen, og Posten har arbeidd for å innføre denne tradisjonen i Noreg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Valentinsdagen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.