Vahana (frå sanskrit vah, 'å bera') er i hinduismen eit dyr som er knytte til ein særskild guddom.
Guden bruker vahanaen til å ri på, men det viktigaste ved dyret er at det symboliserer ein vektlagt gudeeigenskap, til dømes elefant for rikdom, eller tiger for villskap. Svært ofte blir desse dyra framstilte i tempel til og avbildingar av gudane.
Mange gudar har meir enn éin vahana, som gjerne står for ulike sider ved guden.
Gud | Dyr | Dyrenamn | Bilete | Merknader |
---|---|---|---|---|
Sjiva | okse | Nandi | Kvit okse, avbilda i nesten alle Sjiva-tempel | |
Durga | løve eller tiger | Manasjtala | ||
Ganesja | mus | Musjika | ||
Visjnu | slange | Ananta-sjesja | I framstillingar der Visjnu søv medan universet blir skapt. | |
Visjnu | fugl | Garuda | ||
Sarasvati | påfugl | nei | Kan også ri på ei svane, slik som maken Brahma | |
Laksjmi | elefantar | nei | Ofte to eller fire | |
Laksjmi | ugle | Uluka | Kvit ugle | |
Agni | sauebukk | nei | ||
Ajjappan | tiger | nei | ||
Bhairava | hund | nei | ||
Brahma | svane/hamsa | nei | ||
Ganga | makara | nei | ||
Indra | elefant | Airavati | Kvit elefant | |
Indra | hest | Uttsjaissjravas | ||
Jama | vassbøffel | nei | Svart | |
Jamuna | skjelpadde | nei | ||
Kama | makara, papegøye | nei | ||
Ketu | ørn | nei | ||
Kubera | hest, mungo | nei | ||
Murugan/Kartikeya | påfugl | Parvani | ||
Murugan | elefant | nei | ||
Sjani | ramn, kråke, gribb, okse | nei | ||
Sjasjti | katt | nei | ||
Sjukra | krokodille | nei | ||
Surya | hest | nei | Vogn som blir trekt, anten av sju hestar eller éin hest med sju hovud | |
Tsjandra | antiloper, hestar, sauebukkar | nei | Vogn som blir trekt | |
Usjas | ku | nei | Vogn som blir trekt av sju kyr | |
Varuna | krokodille, makara (eit sjøfabeldyr), skjelpadde, svane | nei | ||
Vaju | antilope | nei |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vahana, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.