V-Type-Asteroide

V-type-asteroidar eller vestoidar er asteroidar med like spektrum til 4 Vesta, den langt største asteroiden i klassen og som er opphavet til namnet.

Ein stor del av asteroidane har baneelement like til dei av Vesta, enten nære nok til å vera ein del av Vesta-familien, eller med like eksentrisitetar og inklinasjonar men med ein store halvakse mellom ca. 2,18 AE og Kirkwoodgapet ved 2,50 AE. Dette hintar til at dei fleste eller alle av dei har sitt opphav som bitar av Vesta si overflate, kanskje blåste av som følgje av eit einaste kjempekraftig nedslag ei viss tid i historia. Det enorme nedslagskrateret på Vestas sørlege halvkule er hovudkandidat for nedslagsplass.

V-typane er moderat-lyse og like på den meir vanlege S-typen, som består av stein-jernasteroidar og ordinære kondrittar. Den relativt sjeldne V-typen inneheld meir pyroksen enn S-typen.

Spekteret til V-typen har eit kraftig absorpsjonstrekk opp mot 0,75 μm , eit rundt 1 μm og er veldig raud ned mot 0,7 μm. I dei synlege bølgjelengdene er spektruma til V-typane, inkludert Vesta sjølv, like spektruma til basalte akondritt HED-meteorittar.

Ein J-type har blitt føreslått for asteroidar med eit særs kraftig 1 μm absorpsjonstrekk likt det av diogenittmeteorittar. Desse kjem sannsynlegvis frå djupare delar av Vestas jordskorpe.

Fordeling

Dei aller fleste av V-type-asteroidane er medlemmar av Vesta-familien i lag med Vesta sjølv. Det er nokre marskryssarar som 9969 Braille, og nokre nærjordsobjekt som 3908 Nyx.

Det er også ei spreidd gruppe av objekt i nærleiken av Vesta-familien, men som ikkje er ein del av den. Desse inkluderer:

  • 809 Lundia - har bane innanfor Flora-familie-regionen
  • 956 Elisa
  • 1459 Magnya - går i bane i det ytre av hovudbeltet
  • 2113 Ehrdni
  • 2442 Corbett
  • 2566 Kirghizia
  • 2579 Spartacus - inneheld ein større del olivin, som kan bety at den kjem i frå ein djupare del av Vesta enn andre V-typar
  • 2640 Hallstrom
  • 2653 Principia
  • 2704 Julian Loewe
  • 2763 Jeans
  • 2795 Lepage
  • 2851 Harbin
  • 2912 Lapalma
  • 3849 Incidentia
  • 3850 Peltier - går i bane innanfor Flora-familie-regionen
  • 3869 Norton
  • 4188 Kitezh
  • 4278 Harvey - går i bane innanfor Flora-familie-regionen
  • 4434 Nikulin
  • 4796 Lewis
  • 4977 Rauthgundis
  • 5379 Abehiroshi

Tags:

4 VestaAsteroide

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Olav V av NoregAustraliaTEMPESTLaurdagPeter Wessel TordenskjoldTromsø kommuneTenaza PeakRadioantenneBill ChamplinDet første krosstogetKvikksølvFascismeJerry Leiber og Mike StollerSophie EliseKolonialhandelHilde LyrånMoldedialektDet nederlandske koloniriketAlderspensjonRakiaKvartalBroccoliniManuel Isidoro BelzuNato-alfabetetRonja RøverdatterVinter-OL 1988Book of KellsMuldyrHillary ClintonJohn ScofieldChristianiaUnicodeKurdararMatematikarEnglandPesahPogóniMesonNasjonaldyrVoss heradOdd NerdrumForelskingVindenergiDisney Channel SkandinaviaØrnRefraksjonKjerringKvenerSymbolDrinfossenGrønlandØresundbruaMicrosoft WindowsLinerleDekarSki-NM 1967Mayo ClinicMorfofonologiDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenBjørnar SkjæranAntiqueKvadratkilometerProfessor emeritusLuganoSkypeTunisiaVM i friidrett 2022HalloMolde kommuneAnagramDet tredje riketAsbjørnsen og MoeJomfru Maria🡆 More