Ein vêrfront er eit meteorologisk omgrep som omfattar grensa mellom to luftmassar med ulik temperatur, fukt og tettleik.
Når ein front passerer over eit område kan det skje endringar i både temperatur, fukt, vindretning, vindstyrke og lufttrykk. Ein vêrfront oppstår som regel i samband med lågtrykk og er assosiert med skya vêr og nedbør. Normalt flyttar frontane seg austover i lag med lågtrykka, men i somme tilfelle kan frontane stå tilnærma i ro, noko ein kallar ein stasjonær front.
Ein har fleire typar frontar. Varmfront har ein når varmare luft kjem inn i eit område med kaldare luft. I det motsette tilfellet, når kaldluft erstattar varmluft, har vi ein kaldfront. I eit frontsystem er varmfronten alltid føre kaldfronten. I samband med ein varmfront blir varmluft heva, og dette tappar kinetisk energi frå varmfronten. Dermed vil varmfronten flytte seg seinare og seinare, medan kaldfronten flyttar seg like fort. Kaldfronten tar igjen varmfronten, og den delen av varmfronten som er innhenta blir kalla ein okkludert front.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vêrfront, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.