Uwe Dotzauer

Uwe Dotzauer (fødd 19.

februar 1959) er ein tysk, tidlegare kombinertløpar frå Klingenthal og som representerte Aust-Tyskland. Han vann ein VM-tittel for Aust-Tyskland i lagtevlinga under ski-VM 1982 i Oslo, og bronsemedaljen i det individuelle kombinertrennet i same meisterskapen.

Uwe Dotzauer

Uwe Dotzauer

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 19. februar 1959 (65 år)
Klingenthal
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980

Aktiv

Dotzauer debuterte internasjonalt med ein niandeplass i Holmenkollen i 1977. Han vart nummer fem under OL i Lake Placid i 1980. Seinare på vinteren vann han kombinertrenna i Lahti og Holmenkollen, i begge tilfella med om lag ti poengs forsprang til landsmannen Andreas Langer på andreplass. Året etter var han tilbake i Holmenkollen og vart nummer åtte.

Dotzauers fremste prestasjon kom òg i Holmenkollen, der han under VM i Oslo 1982 fekk bronsemedaljen i den individuelle kombinerttevlinga, bakom norske Tom Sandberg og sin eigen landsmann, Konrad Winkler. Sidan i meisterskapen deltok han, saman med Günter Schmieder og nemnde Winkler, på det austtyske laget som vann den aller fyrste internasjonale meisterskapstittelen for lag.

I 1983-sesongen gjekk Dotzauer inn til tredjeplass i Svenska skidspelen i Falun. Hans einaste verdscupsiger fekk han i desember 1983 i Seefeld, ein siger han delte med Kerry Lynch frå USA. Same sesongen, 1983/84, vart han nummer to samanlagt i verdscupen, mellom anna etter andreplassar i Lahti og i Strbske Pleso. I den olympiske tevlinga i Sarajevo kom han i mål som sjuandemann.

Både i romjula 1984 og romjula 1985 kom Dotzauer på andreplass i verdscuprenn i Oberwiesenthal. I 1984 var det landsmannen Heiko Hunger som stakk av med sigeren, året etter var det vesttyskaren Thomas Müller. Mellom desse renna vart Dotzauer, vinteren 1985, nummer seks i ski-VM i Seefeld.

Dotzauer la opp i 1987.

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • «Uwe DOTZAUER» (på engelsk). FIS. Henta 6. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff

Tags:

19. februar1959Aust-TysklandKlingenthalKombinertSki-VM 1982Tyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NasjonalplantarOSI-modellenSandefjord kommuneHalsnøyFleetwood MacDet buddhistiske livshjuletMeisefamilienSol InvictusOppland fylkeBrusselAlver kommuneFrans av AssisiKjell Kristian RikeHindutempelÞingvellirParisElon MuskPico da NeblinaCaesareaNasjonalrettHjørundfjordenEtanSanskritGranDen fyrste verdskrigenDet russiske alfabetetLinn UllmannH.C. AndersenKelly ClarksonSpanskUrfolkNikolaus KopernikusAmy WinehouseLangemannAserbajdsjanMåndagNasjonal SamlingNaturMatTidsskriftet ForbesMusvåkAsle Madssen StrandDUF-nummerDet tredje riketMusculus latissimus dorsi17. aprilEHF-meisterligaen i handball 2013/MennBorkLønnDioksin og dioksinliknande sambindingar«Tirpitz» i ÅsenfjordenSekulærBjørnOlivia RodrigoHauge i DalaneAC/DCMauritaniaAbrasivBiologisk familieGoogle MapsAsbjørnsen og MoeResettMMMonogamiIndiaDen norske språkstridenOperasjon WeserübungGisøyaPetter NorthugSneppålAudun LysbakkenEmma EllingsenKopplamFonnesStolen generasjonDanmark🡆 More