Urbanisering vil seia at fleire folk i eit samfunn flyttar frå landsbygda og slår seg ned i byar.
I statistikken er urbanisering eit prosenttal på kor stor del av eit område si befolkning som bur i byar. I berekningsmåten av urbaniseringsgrad som SN tilrår vert ein by definert som eit område med minst 20 000 innbyggjarar.
Byvekst har ofte nær samanheng med industrialiseringa av eit samfunn, som skaper fleire arbeidsstader i byane og færre innan jordbruk. Derfor har det pågått urbanisering i den vestlege verda frå den industrielle revolusjonen på 1800-talet, medan andre delar av verda har opplevd fenomenet medan dei har utvikla sin eigen industri.
Kraftig og ukontrollert urbanisering kan føra til at mange menneske bur i uregulerte og dårlege bustader, gjerne i slummar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Urbanisering, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.