Unni Holmen (fødd 23.
september 1952) er ein norsk tidlegare turnar og hesteryttar frå Oslo. Ho vart nordisk meister i turn tre gongar og vann åtte kongepokalar. Holmen var medlem i Oslo Turnforening.
Unni Holmen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. september 1952 (71 år) Oslo |
Idrett | turn |
Tok del i |
Holmen dominerte norsk kvinneturn på 1970-talet. I perioden frå 1969 til 1977 vart ho noregsmeister i turn 8 gongar. Ho vart nordisk meister i mangekamp både i 1971, 1975 og 1977, dessutan vann ho nordiske gullmedalje i lagkamp. Holmen deltok ved Sommar-OL 1968 i Mexico og Sommar-OL 1972 i München. Etter ho slutta å tevle arbeidde ho som turntrenar, norsk landslagstrenar 1984-95. Ho har også verka som turndommar på internasjonale stemne.
Kringom 1980 var Holmen aktiv i sprangriding, med på Noregs landslag.
Unni Holmen er mor til fotballspelaren Kim Holmen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Unni Holmen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.