60°49′19.82″N 9°34′9.58″E / 60.8221722°N 9.5693278°E / 60.8221722; 9.5693278
Ulekjørka (Ule-kyrkja), også kjent som Bagn stavkyrkje, var ei stavkyrkje med heva midtrom (mastestavkyrkje) som stod i bygda Østre Bagn i Sør-Aurdal kommune i Innlandet fylke. Ho er ei av dei mange hundre tapte stavkyrkjene her i landet. Restar av ein portal er tekne vare på, og er no på Nationalmuseet i København.
I eit diplom frå 1375 blir «Bagns kirkiu sookn a Waldræs» omtala. Elles er lite kjent om kyrkja utover nokre sporadiske skriftlege kjelder. Det er heller ikkje kjent når kyrkja vart riven. Ifølgje Bagn kirkes historie (1968) var det truleg rundt 1700, men eit kapell som kan ha vore denne kyrkja blir omtala så seint som i 1796.
Delar av kyrkjegardsmuren skal ha eksistert rundt 1840, men det vart pløyd i området rundt 1860, og det finst ingen synlege rester etter tufta i dag. Det er satt opp ein minnestein og ein enkel trekross på staden, og det går ein merkt sti inn til området frå fylkesveg 219.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ulekjørkja, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.