Tudehpartiet (farsi حزب توده ایران (Hezb-e Tudeh Iran), 'Det iranske folkepartiet') er eit iransk politisk parti.
Det vart skipa i 1941, med Soleiman Mohsen Eskandari som leiar.
Tudehpartiet | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 29. september 1941 | ||
Hovudkvarter | Berlin | ||
Ideologi | kommunisme, marxisme-leninisme, stalinisme, venstrenasjonalisme |
Det hadde mykje innverknad i dei første åra etter det vart skipa, og i kampen for å nasjonalisere Anglo-Iranian Oil Company.
Innverknaden vart mindre etter det USA-støtta statskuppet i 1953 mot den venstreorienterte statsministeren Mohammad Mossadegh. Partiet finst framleis, men i åra etter den islamistiske revolusjonen i Iran vart det svekt av sterk forfølging. Den islamistiske regjeringa slo hardt ned på partiet i 1982, og avretta mange av medlemene i 1988, da eit stort tal med politiske fangar vart drepne i Iran.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tudehpartiet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.