Tuareg er ei gruppe nærskylde språk som tuaregane i det vestlige Sahara snakkar til dagleg.
Det høyrer til den berbiske undergruppa av den afroasiatiske språkfamilien. Rundt 700 000 personar i Niger og rundt 300 000 personar i Mali snakkar tuareg; i alt blir desse språka snakka av om lag 1,25 millionar menneske.
Tuareg Tamasheq, tamajaq, tamahaq | ||
Klassifisering | Afro-asiatisk Berbar | |
Bruk | ||
Tala i | Mali Niger Libya Algerie Burkina Faso | |
Område | Sahara | |
Tuaregtalande i alt | 1 250 000 (2005) | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | Latinske eller arabiske bokstavar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | tmh |
Tuaregspråk kan delast inn i fire variantar eller dialektar:
Tuareg kan skrivast med det latinske alfabetet, det arabiske alfabetet eller tifinagh. Latinsk skrift er mest utbreidd, og i Mali er det utvikla ein standard for å skrive tuareg med dette alfabetet. Ei modifisert utgåve av denne standarden er i bruk i Burkina Faso, medan det blir nytta ein annan standard i Niger. Det arabiske alfabetet blir nytta mest av muslimske stammar, medan tifanagh for det meste brukast til å skrive magiske formlar.
Den følgande tabellen viser samanhengen mellom ulike system som blir nytta for å skrive tuaregspråk:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tuareg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.