Tsjernobylulukka var ein katastrofisk feil ved reaktor nummer fire i kjernekraftverket i Tsjernobyl som fann stad 25.-26.
april 1986. Kjernekraftverket låg ved den no fråflytta byen Pripjat nord i Ukraina, den dåverande ukrainske sovjetrepublikken, i det som no er Ukraina, om lag 104 km nord for Kiev.
Eksplosjonen var så valdsam at det 500 tonn tunge reaktorlokket blei blåst opp i lufta. Opp mot 50 menneske døydde som direkte følgje av eksplosjonen og av akutte stråleskader i vekene etter ulukken. Det siste dødsfallet blei registrert i 2004.
Ulukka medførte at radioaktivt cesium vart spreidd over den nordlege halvkula. Store mengder støv som inneheldt radioaktivt jod og cesium blei slept ut i atmosfæren og spreide seg over store område. Mengda var 400 gonger større enn utsleppet i samband med atombombene i Hiroshima og Nagasaki i 1945 under andre en. Rundt fem millionar menneske i Kviterussland, Ukraina og Russland lever i dag i område med betydeleg nedfall etter ulkka. Mykje av dei nordlege områda av oblastet er radioaktivt forureina og eit sperreområde, Tsjernobylsona, dekkjer eit stort område kring kraftverket. Av landa utanfor Sovjetunionen, var Noreg eit av dei landa som fekk størst nedfall av radioaktivt cesium. Dette førte til at det varte gjennomført nedforing av sau før dyra vart slakta.
Det totale talet på dødsfall som følgje av ulukka er rekna til opp mot 4 000 menneske. Opphavleg gjekk ein ut frå at fleire titusen ville døy av seinverknadar. Talet inkluderer dødsfall 20 år eller meir etter ulukka.
I dag er den nedsmelta Tsjernobyl-reaktoren dekt av ein stor betongsarkofag. Alle reaktorar av same type er i dag modifiserte og skal vere mykje meir stabile. Ti av dei var framleis i bruk i straumnettet i 2019.
Leiinga ved atomkraftverket ville finna ut korleis ein kunne dra nytte av tregleiken i turbinane til å generera energi etter at reaktorane var stengde av. Difor sette dei dei automatiske naudstopp-mekanismane mellombels ut av drift.
Nedkøyringa av reaktoren hadde starta like etter midnatt 25. april 1986. Eit døgn seinare var det klart for å starte eksperimentet. Føresetnadene for eksperimentet var ikkje heilt på plass, mellom anna hadde operatøren vore nøydd til å fjerne kontrollstavar frå reaktoren for å nå ønskt effekt. Etter instruksen skulle det vere minst 30 kontrollstavar i reaktoren, 15 kontrollstavar var spesifisert som eit absolutt minimum. Sidan effekten hadde falle heilt ned mot 30 Mw(th) (Megawatt termisk), fjerna operatøren kontrollstavar for å få opp effekten. Han lukkast med å stabilisere effekten på 200 Mw(th), men då var det berre 6 eller 8 kontrollstavar attende.
To menneske omkom i eksplosjonen.
Sovjetiske styresmakter meldte ikkje om ulukka før ein i Sverige kunne registrera forhøga stråleverdiar i nærleiken av eitt av sine kjernekraftverk. Dette førte til at Noregs geologiske undersøking gjennomførte ei omfattande kartlegging av nedfallet på norsk territorium, då det viste seg at dei ufarlege verdiane Statens strålevern hadde registrert var feilaktige.
Straks etter eksplosjonen starta redningsarbeidet for å stoppe spreiinga av fisjonsprodukt og for å kjøle ned reaktorkjernen. I arbeidet bruka dei helikopter og dekte reaktoren med meir enn 4 000 tonn sand, bly, leire og borsaltar.
Det offisielle talet på døde etter ulykka er 31 menneske, medan D. Marples set talet på døde fram til 1990 til minst 5000. I ein rapport utarbeidd av Greenpeace i 2006 vert talet på dei som har døydd av kreft i Kviterussland, Russland og Ukraina i perioden 1990 til 2004 sett til 93.000 og det totale talet på døde til rundt 200 000
28. april varsla svenske Statens strålskyddsinspektion om at dei hadde målt unormale strålenivå i Sverige, og at dei frykta at det hadde vore ei alvorleg reaktorulukke i Sovjetunionen. På ettermiddagen målte dei høgare stråling enn normalt over Kjeller i Akershus. På kvelden 28. april innrømte sovjetiske styresmakter at det hadde vore eit uhell ved Tsjernobylkraftverket, og 30. april sende telegrambyrået Tass ut pressemelding med detaljar om ulykka.
I dagane som følgde fall det ned store mengder radioaktivt nedfall over Noreg. Rundt 10. mai kom det ei ny bølgje med nedfall. Det største nedfallet kom aust for Langfjella i Oppland, i indre Nord-Trøndelag, på indre Helgeland og på kysten av Sør-Helgeland[treng kjelde].
Det vart identifisert nedfall av radioaktivt zirkonium, niob, molybden, ruthenium, jod, tellur, cesium, barium, lantan, cerium og neptonium[treng kjelde]. Av desse er det bare tre isotopar som opptrer i så store mengder at det representer ei potensiell strålefare. Dei er Iod-131 med ei halveringstid på åtte døgn, cesium-134 ei halveringstid på ni månader og cesium-137 ei halveringstid på 30 år[treng kjelde]. Sidan både I-131 os Cs-134 har relativt korte halveringstider vil dei vere dødd ut i løpet av kort tid. Det er derfor bare Cs-137 som i praksis gir bidrag til den totale stråledosen eit menneske får.
Noko av det radioaktive nedfallet kan ha blitt vaska ut, men mykje bind seg til jordsmonnet og vert teke opp av vegetasjonen, for sidan å bli tatt opp av planteetarar. Mange av plantane vert brotne ned av sopp. Når dyra sidan et sopp, kan dei få i seg høge doser radioaktivitet. Den første tida vart det òg målt høge stråleverdiar i innlandsfisk[treng kjelde].
Tsjernobylulukka fekk store konsekvensar for Noreg sidan områda med størst nedfall er viktige som beiteområde for sau, geit og rein. Det fekk dermed konsekvensar både for sauehald på fjellbeite og for tamreindrift. Det vart derfor iverksett nedfôringstiltak og innført øvre grenser for radioaktivitet i slaktedyr.
I 1989 vart saltslikkesteinar tilsett berlinarblått, som bind cesium, tekne i bruk i beiteområda. Dette førte til at talet på sauer som måtte nedfôrast vart redusert frå 360 000 i 1988 til 109 000 i 1989[treng kjelde].
Så seint som i 2006 var det naudsynt med nedfôring i 37 kommunar i Hedmark, Oppland, Buskerud, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Nordland. Mykje sopp i beiteområda i august og september, gjorde at det vart målt høge konsentrasjonar radioaktivt cesium i sau. Grenseverdien for radioaktivt cesium i sauekjøtt er 600 Bq (Becquerel) per kilogram. Det høgste innhaldet av cesium-137 som vart målt i sau hausten 2006 var 7000 Bq/kg[treng kjelde].
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tsjernobylulukka, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.