Truga artar er artar (som dyr eller plantar) som er truga av utrydding.
Artar kan trugast av ulike grunnar, som habitatendringar eller for sterk predasjon, og har i våre dagar ofte årsak i menneskelege handlingar.
For å hindra at ein art skal utryddast heilt kan ein setja i verk tiltak som freding, forbod eller avgrensingar av jakt, fiske, plukking eller anna forstyrring av truga artar eller tilhaldsstadene deira. Slike tiltak kan vera med på å gjera artane mindre truga, kanskje tilmed livskraftige. For å identifisera truga artar som treng tiltak, driv ein med raudlisting, der artane blir klassifiserte etter kor levedyktige dei er. Alle truga artar kjem likevel ikkje med på desse listene,og kan forsvinna utan at ein legg merke til det.
Ei internasjonal og fleire nasjonale raudlister gjev i dag oversyn over ei rekkje truga artar, og i kva grad dei er truga. Dei truga artane blir delte inn i sårbar, sterkt truga eller kritisk truga.
CR, Critically endangered, viser til artar som har svært høg risiko for å døy ut – 50 prosent sannsyn for å døy ut innan 3 generasjonar, minimum 10 år.
EN, Endangered, viser til artar som har svært høg risiko for å døy ut – 20 prosent sannsyn for å døy ut innan 5 generasjonar, minimum 20 år.
VU, Vulnerable, viser til artar som har høg risiko for å døy ut (10 prosent sannsyn for å døy ut innan 100 år).
Nær truga (NT, Near threatened) viser til artar som kan bli truga og dermed ikkje er heilt livskraftige.
Ifølgje Norsk Raudliste 2006 er 1 988 artar truga i Noreg. 258 artar er kritisk truga, og kan bli utrydda i Noreg i løpet av ein tiårsperiode.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Truga artar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.