Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Tromme

Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia

Tromme er eit perkusjonsinstrument som vanlegvis er bygd av eit sylindrisk røyr med ein membran trekt over ein eller begge endar. Ein kan få lyd ved å få membranen, eller trommeskinnet, til å vibrera. Trommr er eit av dei eldste og mest utbreidde musikkinstrumenta, og fint i ei rekkje variantar innanfor ulike kulturar og musikktradisjonar.

Trommespel i eit norsk buekorps.


Trommer vert laga i ei rekkje ulike storleikar og fasongar og frå fleire ulike materiale. Trommekroppen eller korpus er gjerne laga av tre, metall, keramikk, glasfiber eller plast. Skinnet kan vera av anten dyrehud eller syntetiske materiale. Dei fleste trommer har to membranar, der ein kan slå an begge eller berre den eine medan den andre verker som resonansmembran. Trommer der ein slår an begge skinna blir kalla tofellstrommer. Dei fleste trommer kan stemmast, anten ved hjelp av mekaniske innretningar for å strame membranen (stemmeskruer, tauverk) eller ved hjelp av til dømes varme. Ein del tofellstrommer kan ha ulikt stemte trommeskinn.

Trommespel og dans i Bujumbura i Burundi.

Ein kan spela tromme ved hjelp av trommestikker, vispar, klubber eller hender. Instrumentet kan brukast som akkompagnement til song og dans og i ei rekkje ulike typar ensemble.

I orkester- og korpsmusikk er skarptromme, stortromme, pauke og mindre perkusjonsinstrument som til dømes tamburin mykje nytta. I sjangrar som pop, rock og jazz, vert ofte fleire ulike typar trommer kombinert i trommesett. Enkeltståande handtrommer, som til dømes bongotrommer, congas eller djembe, er også vanlege i ei rekkje musikkformer.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  • «Tromme» (22. juni 2012), Store norske leksikon. Henta 5. desember 2013.
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Tromme, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.