Trio Ii

Trio II er det andre samarbeidsalbumet til Dolly Parton, Emmylou Harris og Linda Ronstadt.

Trio II
Studioalbum av Dolly Parton, Emmylou Harris og Linda Ronstadt
Språk engelsk
Utgjeve 9. februar 1999
Innspelt 1994
Studio The Site (Marin County)
Sjanger Country
Lengd 41:13
Selskap Asylum
Produsent George Massenburg
Dolly Parton-kronologi 
Hungry Again
(1998)
Trio II Precious Memories
(1999)
Emmylou Harris-kronologi
Spyboy
(1998)
Trio II Western Wall: The Tucson Sessions
(1999)
Linda Ronstadt-kronologi
We Ran
(1998)
Trio II Western Wall: The Tucson Sessions
(1999)
Singlar frå Trio II
  1. «High Sierra»
    Utgjeve: Januar 1999
  2. «After the Gold Rush»
    Utgjeve: April 1999
  3. «Feels Like Home»
    Utgjeve: April 1999
  4. «Do I Ever Cross Your Mind»
    Utgjeve: April 1999

Det kom ut 9. februar 1999 på Asylum Records.

Bakgrunn

12 år etter utgjevinga av Trio, som hadde selt til platinaplate og vunne Grammyprisar, kom trioen saman att for å spele inn eit nytt album. Songane vart spelte inn i 1994 av Parton, Harris og Ronstadt, men strid mellom plateselskapa deira og ulike tidsplanar gjorde at dei ikkje kunne gje ut albumet på den tida. Til slutt miksa Ronstadt fem av dei ti spora på albumet (utan vokalen til Parton) for å ta dei med på albumet hennar Feels Like Home i 1995. Desse var «Lover's Return», «High Sierra», «After the Gold Rush», «The Blue Train» og «Feels Like Home».

I 1998, etter Parton og Harris hadde slutta på sine respektive selskap, valde dei å gje ut albumet slik det opphavleg vart spelt inn. Barnefoto av Parton, Harris og Ronstadt vart nytta som plateomslag, då dei ikkje fekk i stand ei felles fotografering.

Utgjeving og marknadsføring

Albumet kom ut 9. februar 1999 og sjølv om dei ikkje fekk tid til ein lengre turné, fekk dei i stand ein kort ein for å marknadsføre albumet. Trioen spelte på CBS This Morning, The Tonight Show with Jay Leno, The Today Show, The Late Show with David Letterman og The Rosie O'Donnell Show.

I starten var det ingen planar om å gje ut ein singel. «High Sierra» kom ut for adult contemporary-radiostasjonar i januar 1999 før albumet kom ut, og vart òg sendt til countryradiostasjonar ved ein feil, men fekk likevel speletid. Etter at albumet hadde selt godt, vart det i april 1999 gjeve ut tre singlar samstundes: «After the Gold Rush», «Feels Like Home» og «Do I Ever Cross Your Mind». Det vart filma ein musikkvideo for «After the Gold Rush» i ein synagoge i New York City den 25. mars.

Mottaking

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicTrio Ii Trio Ii Trio Ii Trio Ii Trio Ii 
Entertainment WeeklyB+
Los Angeles TimesTrio Ii Trio Ii Trio Ii Trio Ii 
Robert ChristgauTrio Ii 
Rolling StoneTrio Ii Trio Ii Trio Ii Trio Ii Trio Ii 

Albumet fekk positive meldingar i media.

Entertainment Weekly gav albumet B+ og sa at det «når omtrent 75 % av vegen» og er «uansett eit fint album.» Los Angeles Times gav albumet 3,5 av 4 stjerner og skreiv at den «inspirerte versjonen av Neil Young-songen 'After the Gold Rush' fører saman himmelsk vakre harmoniar. Harris si klåre røyst er ein perfekt match for den særs vakre Donagh Long-kjærleikssongen 'You'll Never Be the Sun'. Og Ronstadt hentar ut den formidable countryrock-erfaringa si på Jennifer Kimball og Tom Kimmel sin 'Blue Train' og Randy Newman sin 'Feels Like Home'.» AllMusic gav albumet tre av fem stjerner og kalla albumet «ein juvel blant vakre linjer av kubisk zirkonium, frå dei mest velmeinande og kjærlege songfuglane.» Patrick Carr i Rolling Stone gav albumet tre av fem stjerner og sa at «på sitt beste er dette nesten himmelsk.»

Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Top Country Albums-lista og 62. plassen på Billboard 200. Albumet nådde òg fjerdeplassen i Canada på RPM Country Albums-lista.

Den første singelen frå albumet, «High Sierra», nådde 90. plassen på den kanadiske Country 100-lista. Ingen av dei tre seinare singlane gjorde det godt nok til å gå inn på singellistene.

Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste countryalbum. «After the Gold Rush» vann Grammyprisen for beste countrysamarbeid med vokal.

Innhald

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Lover's Return»
4:00
2.«High Sierra»Harley Allen4:21
3.«Do I Ever Cross Your Mind»Dolly Parton3:16
4.«After the Gold Rush»Neil Young3:31
5.«The Blue Train»
  • Jennifer Kimball
  • Tom Kimmel
4:57
6.«I Feel the Blues Movin' In»Del McCoury4:31
7.«You'll Never Be the Sun»Donagh Long4:43
8.«He Rode All the Way to Texas»John Starling3:07
9.«Feels Like Home»Randy Newman4:47
10.«When We're Gone, Long Gone»
4:00
Total lengd:41:13

Medverkande

    Teknisk
  • George Massenburg – produsent, innspeling, miksing
  • John Brenes – produksjonsarkivator
  • Gail Rosman – produksjonsassistent
  • Janet Stark – produksjonsassistent
  • Nathaniel Kunkel – innspeling
  • Kevin Scott – innspelingsassistent
  • Doug Sax – mastering
  • Kosh Bradley – kunstnarisk leiar, design
  • Lyn Bradley – kunstnarisk leiar, design
  • Michael Hagegood – kunstnarisk leiar


Salslister

Album

Liste (1999) Plassering
Australia (ARIA Charts) 66
Canada Top Country Albums (RPM) 4
US Billboard 200 62
US Top Country Albums (Billboard) 4

Singlar

Title År Plassering
CAN
Country

«High Sierra» 1999 90

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA) Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Mal:Dolly Parton

Tags:

Trio Ii BakgrunnTrio Ii Utgjeving og marknadsføringTrio Ii MottakingTrio Ii InnhaldTrio Ii MedverkandeTrio Ii SalslisterTrio Ii SalstroféTrio Ii KjelderTrio IiDolly PartonEmmylou HarrisLinda Ronstadt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VassildAnne Lise GjøstølGiroTaekwondoLuster kommuneNederlandSvartehavetA Collection of Great Dance SongsTuonelaOuverture i fransk stilIvar Lo-JohanssonØystein SundeGammalkyrkjeslaviskDet indiske kastesystemetVladimir PutinMaria MuldaurBhutankrigenMeirViggo MortensenKamferFinlandAlfred MaurstadAl B. Sure!Mats OlssonUnder My ThumbMount Salisbury i AntarktisSexyRune GjeldnesAmy WinehouseLol CremeIltalehtiCoComAlla PugatsjovaGullkvefsarToini PöystiPalestinamandatetCatfish RisingShrekAdilsSommar-OL 1968HardingdialektEkvatorNintendo 3DSFrøylandsvatnetOrskurdArne RustadstuenNorske kommuneblomarAndrej KrautsjankaIrakisk geografiBrasíliaStorspoveMaria I av EnglandLjubim te pesmamaSjukehusAustblokkaIrakMichael UhrmannDeep PurpleDet australske flaggetSpaniaAftonbladetArne Kjell LarsenSkjelettBryggen i BergenCristiano RonaldoSamleieSmash!KrysantemumAksel SandemoseRhinenTyrkiaÉtangHank Locklin🡆 More