Heilage Tre Kongar

Heilage tre kongar er skapte i legendene, ut frå forteljinga i evangeliet etter Matteus, 2.

kapitlet, om nokre vismenn frå Austerland som kom for å hylle Jesus.

Heilage Tre Kongar
Heilage tre kongar og Herodes. Fransk glasmåleri frå 1400-talet.
Heilage Tre Kongar
Kongane tilber Jesusbarnet. Måleri av Diego Velázquez frå 1619.

På 500-talet kjenner vi namna Kaspar — konge av Persia, Melkior — konge av Nubia og Baltasar — konge av Saba. Melkior vart gjerne avbilda med raudbrun hud, Baltasar som svart. Slik vart dei tre kongane sett som eit bilete på at også heidningefolka skulle hylle Frelsaren.

6. januar, eller trettande dag jul, er heilage tre kongars dag. Dagen var heilagdag fram til festdagsreduksjonen i 1771 og vart halde som slenghelg, ein dag då tenarane fekk fri, men kunne gjere lett arbeid for seg sjølve, fram mot moderne tid.

I Den norske kyrkja er feiringa av dagen flytta til Kristi openberrings sundag.

Kongar — eller tre vismenn?

I evangeliet etter Matteus er dei som nemnt omtalt som «nokre vismenn». Sidan dei fann fram til Jesus ved hjelp av stjernetyding, er det naturleg å tenkje seg at dei var astrologar.

For å markere at dei kom austfrå, har kyrkjekunstnarar ofte framstilt dei med frygiske luer. Dette var hovudplagg til menn, i oldtida brukt av frygarane i Litleasia, sidan overtatt av grekarane og introdusert i Europa. Dei liknar jakobinarlua som vart brukt under den franske revolusjonen.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Heilage Tre Kongar  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Heilage tre kongar

Tags:

Evangeliet etter MatteusJesus

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AndefamilienTerry CallierGrønlandSvartehavetDen julianske kalenderenMusculus latissimus dorsiCockerell PeninsulaMesopotamiaMontserrat CaballéSionistDoireann Ní BhriainUlstein kyrkjeKeipErnst JosephsonSchneider-troféetPopulismeFilippinaneMånefestTromsøPanterMorfofonologiPeter ŠťastnýSkalFranskBorgarskapKelly ClarksonEkvipasjeAluminiumMiddelhavetVoss heradGeorg III av StorbritanniaMonsters UniversityAn-MagrittMats OlssonSynnøve SolemdalBrøytNaheTuonelaBokfinkHansjörg JäkleDei fire årstidenePiknikkorgCristiano RonaldoMartha LeivestadCanon EOS 250DTrond Fausa AurvågJerry ReedJoar NangoFantasy RecordsMiljøproblem157Astrid TollefsenThe Diving BoardKinesiskKibbutzJump bluesUSAFrits ThaulowJonsokDet tredje riketNautisk milMikrometeorologiEstlandDet første krosstogetFilmjølk164127-årsklubbenMount EverestKarel LismontKongsberg IdrettsforeningAsker kommuneKjetil A. LieChristianiaBone Against SteelWikipediaRussiske marinefartøy i aktiv tenesteHörbranz🡆 More