Tore Hund var ein høvding frå Bjarkøy i Troms.
Han vart fødd rundt 990 og døydde rundt 1032. Tore Hund var ein av leiarane for bondehæren som vann slaget på Stiklestad i 1030, og ein av dei som tok livet av Olav Digre Haraldson (seinare Olav den Heilage).
Tore Hund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 990-åra |
Død | |
Yrke | oppdagar |
Far | Tore fra Bjarkøy |
Tore Hund på Commons |
Tore Hund konverterte til kristendomen rett etter slaget på Stiklestad, og reiste på pilegrimsferd til Jerusalem. Sannsynlegvis døydde han der.
Under slaget på Stiklestad seier segna og Snorre at Tore Hund bar ei kufte som stål ikkje beit på. Det er vanleg å tru at denne kofta var ganda av samiske sjamanar. Dette viser òg samspelet mellom nordmenn og samar i nord. Store delar av Tore Hund og Bjarkøyætta si makt og stormannsstatus baserer seg på skattelegging av samane Finnskatten og handel med dei.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tore Hund, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.