Tordis Ørjasæter (fødd 25.
mars 1927) er ein norsk litteraturkritikar, forfattar og tidlegare professor i spesialpedagogikk.
Tordis Ørjasæter | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. mars 1927 (97 år) Oslo |
Yrke | skribent, professor, litteraturkritikar, biograf, spesialpedagog |
Ektefelle | Jo Ørjasæter |
Born | Elin Ørjasæter, Kristin Ørjasæter |
Ørjasæter studerte pedagogikk og vart mag.art. i 1957. Ho har blant anna arbeidd med spesialpedagogikk og kultur og litteratur for psykisk utviklingshemma og språksvake. Ho har gjeve ut ei rad bøker, blant anna fagbøker om barnelitteratur, biografiar og romanen En borgerlig pike.
Tordis Ørjasæter mottok Askeladdprisen frå Norsk barnebokforum i 1981 og Brageprisen i klassen generell litteratur i 1993 for biografien Menneskenes hjerter. Sigrid Undset - en livshistorie. I 1997 fekk ho Jonasprisen. Ho har òg vore litteraturkritikar i fleire aviser.
Tordis Ørjasæter var gift med omsetjaren og forfattaren Jo Ørjasæter. Ho er mor til Elin Ørjasæter og litteraturvitaren Kristin Ørjasæter og syster til musikkforskaren Liv Greni.
Forfattaren har òg blant anna skrive delar av Norges litteraturhistorie . B.5 . Mellomkrigstiden og vore medredaktør i Barnas Beste-serien.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tordis Ørjasæter, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.