Tom Tvedt (fødd 31.
januar">31. januar 1968) er ein norsk politikar og tidlegare handballspelar frå Randaberg. Han var fylkesorførar 2007-11 i Rogaland og leiar 2015-19 i Norges Idrettsforbund.
Tom Tvedt | |||
Tom Tvedt Foto: Jarle Vines | |||
Fødd | 31. januar 1968 (56 år) Randaberg | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, handballspelar, organisasjonsarbeidar | ||
Sambuar | Kjersti Stenseng | ||
Verv | Ordførar i Randaberg 1999–2007 | ||
Føregangar | Olav Sande | ||
Etterfylgjar | Tone Tvedt Nybø | ||
Verv | Fylkesordførar i Rogaland 2007–2011 | ||
Føregangar | Roald G. Bergsaker | ||
Etterfylgjar | Janne Johnsen | ||
Alle verv |
|
Tvedt var ordførar i Randaberg kommune frå 1999 til 2007. Til fylkestingsvalet i 2007 var han Arbeidarpartiets kandidat til vervet som fylkesordførar samtidig som han framleis stilte til val som ordførar i Randaberg. Arbeidarpartiet gjorde eit godt val og vart det største partiet i fylkestinget i Rogaland fylke. Med støtte frå sentrumspartia og SV vart Tvedt Arbeidarpartiets fyrste fylkesordførar i Rogaland.
Tvedt har tidlegare vore salssjef i Tybring-Gjedde. I unge år var han aktiv handballspelar, noregsmeister 1991 med Stavanger IF og landslagsspelar for Noreg, bokført med 25 landskampar. På Idrettstinget 2011 vart han vald til styremedlem i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité for perioden 2011–2015. Perioden 2015-19 leidde han organisasjonen og søkte attval ved Idrettstinget 2019, men vart vraka etter mykje ekstern misnøye med Idrettsforbundet sine disposisjonar gjennom mange år.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tom Tvedt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.