Timianslekta (Thymus) er ei slekt i leppeblomfamilien med om lag 350 artar.
Timianslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Slekt: | Timianslekta Thymus L., 1753 |
Desse veks i Europa, Midt-Austen og Nord-Afrika. Timian er ein dvergbusk som kan verta eit par desimeter høg.
Fleire artar og underartar er registrerte i Noreg:
Kryddertimian og sitrontimian (T. ×citriodorus) vert mykje brukt som krydder. Småtimian og somme andre artar eigner seg derimot ikkje som krydder, men er populære hagevekstar.
Ein nytter timian mellom anna til å smakssetja kjøt, supper og stuingar. I fransk matlaging blir urta mellom anna brukt i bouquet garni og i Herbes de Provence. Timian er også viktig i karibisk og i middelhavsmat. Den jordanske krydderblandinga zahtar inneheld timian.
Timian har også vore brukt som medisinplante, mellom anna mot hoste og sår hals. Planten inneheld stoffet thymol. Dette verkar antiseptisk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Timianslekta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.