Thévenin-ekvivalent er ein ein-port-krins som representerer ein meir kompleks krins.
Ekvivalentkrinsen er tufta på Thévenins teorem, som seier at ein vilkårleg lineær krins med ei eller fleire spenningskjelder, straumkilder og motstandar er ekvivalent til ei ideell spenningskjelde i serie med ein motstand. Med open utgang er utgangsspenninga .
At ein vilkårleg krins kan omformast til ein ekvivalent krins med berre to komponentar forenklar i mange samanhengar analysen mykje. Thévenin-motstanden og lastmotstanden dannar ein spenningsdelar, så når Thévenin-spenninga , Thévenin-motstanden og lastmotstanden er kjede kan ein finna spenninga over lasten som
For å få størst muleg spenning over lasten må Thévenin-mostatanden vera liten i høve til lastmotstanden: .
Ein audioeffektforsterkar med ein Thévenin-motstand, òg kalla «utgangsmotstand» eller «indre motstand», på 100 m , er kopla til ein høgtalar med nominell impedans på 5 . Om effektforsterkaren genererer ei Thévenin-spenning på 10 V, vil spenninga over høgtalaren vera på 9,8 V. Om lastmotstanden hadde vore på 1 ville spenninga over lasten vorte redusert til 9,1 V. Vi finn Thévenin-ekvivalenten til forsterkaren ein gong for all, men kan endra lastmotstanden for å studera den resulterande spenninga over han.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Thévenin-ekvivalent, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.