The Wayfaring Stranger

«The Wayfaring Stranger» (òg kjend som «Poor Wayfaring Stranger» eller «I Am a Poor Wayfaring Stranger»), Roud 3339, er ein kjend USA-amerikansk folke- og gospelsong, som truleg oppstod på 1800-talet om ei enkel sjel på reise gjennom livet.

The Wayfaring Stranger
Song
Sjanger USA-amerikansk folkemusikk
Låtskrivar(ar) ukjend

Som med dei fleste folkevisene finst det mange variantar av teksten.

I følgje boka The Makers of the Sacred Harp av David Warren Steel og Richard H. Hulan, vart teksten publisert i 1858 i Bever's Christian Songster. Dette kna ha vore første gongen songen var på trykk på engelsk. Steel og Hulan meiner at songen kan ha kome frå den tyskspråklege salmen «Ich bin ein Gast auf Erden» av Isaac Niswander frå 1816.

Under og i fleire år etter den amerikanske borgarkrigen var teksten kjend som «Libby Prison Hymn». Dette kom av at teksten var rissa inn veggen av ein døyande Union-soldat som sat i Libby Prison, eit frykta sørstatsfengsel i Richmond i Virginia. Det vart trudd at den døyande soldatane hadde skrive songen sjølv for å trøyste ein annan soldat, men sidan songen vart publisert fleire år før borgarkrigen byrja (og før Libby Prison fanst), var ikkje dette tilfelle.

Medlemmar av Western Writers of America valde ut songen som ein av dei 100 beste western-songane gjennom tidene.

Kjende versjonar

  • Den første kjende innspelinga av songen vart gjort av Vaughan's Texas Quartet i 1930, under tittelen The Wayfaring Pilgrim. Denne vart spelt inn 9. oktober 1929.
  • Songen vart ein av signaturlåtane til Burl Ives og kom ut i 1944 på albumet hans The Wayfaring Stranger. Ives nytta det som tittelen på radioprogrammet han hadde på CBS tidleg i 1940-åra og på sjølvbiografien hans frå 1948.
  • Emmylou Harris spelte inn songen i 1980 på albumet hennar Roses in the Snow. Harris si utgåve nådde sjuandeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista. Songen gjekk heilt til topps på den kanadiske RPM Country Tracks-lista.
  • Songen, omtalt som «I Am a Poor Wayfaring Stranger», vart nytta i dramafilmen 1917 frå 2019. Han vart der framført av skodespelaren og songaren Jos Slovick. I februar 2020 samla Change.org inn over 2 500 underskrifter for å få filmprodusentane Universal Pictures og DreamWorks Pictures til å gje ut ei full studioinnspeling av framføringa til Slovick.
  • Songen vart òg nytta i videospelet The Last of Us Part II i 2020, der skodespelarane Ashley Johnson og Troy Baker, som rollefigurane Ellie og Joel, framfører songen over rulleteksten med ekstra tekst.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Roud Folk Song Index

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Peter ŠťastnýKvenerPippi LangstrømpeAustraliaAftonbladetDonald TrumpSørøya i FinnmarkSåmaskinHannoverErik HöglundSeladonMesonDei fem K-ane i sikhismenOperativsystemGitarforsterkarAsker kommune8. april918Manchester UnitedFrankararSilkehegreLangnebbparakittOs kommune i HordalandMolde kommuneMoteElektrostatisk generatorAnimismeStorbritanniaWattensGåsLinerleMoldauNato-alfabetetSerious Hits… Live!MogopElbaMichael UhrmannHalloOuverture i fransk stilOprah WinfreyTønsberg kommuneMeirJerusalemAnagramNoregJernWikimediaGambiaVåren av Aasmund Olavsson VinjeGoogleKinagrasFrozenThorleif HaugEstlandFinlandDesta Marie BeederGamme24. april330 skvadronKjell HovdaBoge i arkitekturenVeneziaFranz LisztTeenage Mutant Ninja TurtlesDomenetapLavaMesopotamiaInternettCaliforniaKinas kommunistpartiHydrogencyanidHistorisk oversyn over kommunar i HordalandSennesvikSamisk kulturCharcot CoveAndMetanolAtomvåpen🡆 More