Termofil

Ein termofil er ein (mikro)organisme som trivst best ved særs høge temperaturar, over 45 °C.

Dei fleste har ein optimal veksttemperatur mellom 50 og 65 °C, men er i stand til å veksa ved 40-80 gradar. Ekstreme termofilar vert kalla hypertermofilar og kan takla temperaturar opp i godt over 100 °C. Rekorden for vekst i ein organisme vart sett i 2003, då ei forskargruppe fekk ein arkebakterie til å veksa ved heile 121 gradar!

Termofil
Termofilar lever gjerne i varme kjelder, som denne på Island.

Termofilar er som regel mikroskopiske arkar eller bakteriar, og finst gjerne i varme kjelder og nær geotermiske djuphavskjelder.

Me delar termofilane inn i obligat og fakultativt termofile organismar. Obligate termofilar må ha høge temperaturar for å overleva, medan fakultative termofilar toler nedkjøling.

Termofilar er interessante av fleire grunnar. For det første inneheldt dei særs spesielle, varmeresistente enzym, som mellom anna vert nytta i vaskemiddel og på molekylærbiologilaboratorium. Vidare lever termofilane i miljø som ikkje er så altfor ulike jorda slik ein tenkjer ho var på den tida livet oppstod. Såleis tenkjer ein seg at termofilane kan læra oss noko om opphavet til livet.

Kjelder

  • Hogg, Stuart: Essential Microbiology Wiley 2005
  • Singleton, Paul & Sainsbury, Diana: Dictionary of microbiology and molecular biology Wiley 1987
Ekstremofilar
acidofil | alkalifil | barofil | halofil | osmofil | piezofil | psykrofil | termofil | xerofil |

Tags:

ArkebakterieOrganisme

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

OlsokFiskereiskaparGeorg III av StorbritanniaIrrlichtNaturbrukAndreas RombergHurtigrutaCarles PuigdemontGotlandKaspihavetErnst JosephsonLuftfartøyGullVM i friidrett 1987HalsnøyA Whiter Shade of PaleVilhelm III av England918OrRonja RøverdatterRussiskStein Ove BergGarij NapalkovMarma27-årsklubbenOddaGrete Ingeborg NykkelmoVerdas landMikrometeorologiLuster kommune1055 TynkaVM i skiskyting 1999BrigitSkalDanmarkFrøylandsvatnetGunn Margit AndreassenBarry HayPokémon GoHörbranzLuciano PavarottiSuzanneSnapsAzerspace-1/Africasat-1aElon MuskHollandRådyrDet første krosstogetSynnøve SolemdalJump bluesDag HammarskjöldDickey BettsIs This the Life We Really Want?KaderMaktaMull of Kintyre av WingsZaiddiyahJonas Gahr StøreLemmingSkjør astmaSørøya i FinnmarkVinter-OL 1988FagorganisasjonFacesFantasy RecordsTetraKamferISBNAspmyra stadionNasjonaldagKokosmakronOrskurdSt Germans🡆 More